Oppdatering 31.03.2020: Status legesenter

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons

Tlf. 700 48 050
08.30 - 15.00 måndag - fredag (begrensa kapasitet i lunsjpausa 12.00 - 12.30)
www.orstahelsesenter.no 

Det er god legekapasitet for rågjeving per telefon, og dei kan hjelpe deg å avgjere om du skal inn til time - viktig at alle som er sjuke ikkje er redde for å ta kontakt. Dette gjeld også dei som er sjuke av andre ting enn ev. koronasmitte. 

Luftvegsklinikk, augeblikkeleg hjelp og telefonar knytt til korona vert motteke og vurdert kvar dag.
 

Eg vil kome i kontakt med legesenteret:

  • Ikkje møt direkte på legesenteret, men ta kontakt per telefon eller e-konsultasjon. Dørene til legesenteret er stengde. Helsesekretær tek i mot deg som kjem etter avtale, og ser til at du kjem til rett plass.
     
  • På www.orstahelsesenter.no er det tilgang på elektroniske tenester etter innlogging. Her kan du mellom anna legge inn førespurnad om fornying av resept. Ved videokonsultasjon ventar du på SMS eller e-post og følger lenkja du får i invitasjonen. Når du har gjort det ser legen at du ventar på oppringing på video.
     
  • Fornying av resept: Logg deg inn på Helsenorge.no for å fornye resept. (Rettleiing til innlogging)
     

Eg har ein avtale med fastlegen min:

  • Om du er frisk og ikkje treng legetimen som du har bestilt, er det ikkje naudsynt å ringe for å avbestille. De vil ikkje verte belasta med gebyr for manglande oppmøte. 
     
  • Pasientar som har avtale om kontrolltime oppsatt før 12. mars vil bli kontakta av fastlege på telefon for å avgjere om og når kontrollen skal bli gjennomført. Pasienten blir kontakta seinast den dagen pasienten har time. 
     
  • Annankvar veke kan fastlegen din ta i mot pasientar på kontoret, i tillegg til telefon- og videokonsultasjon - alt etter avtale og behov. Den andre veka er fastlegen berre tilgjengeleg for telefon- og videokonsultasjon. Dette er eit tiltak som kjem av at legane er delt i to grupper, for å redusere smitte.
     

Annan informasjon:

  • Legevakt (telefon 116 117) skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er ope.
     
  • Ikkje ring legekontor, legevakt eller 113 viss du har generelle spørsmål om koronaviruset. Folkehelseinstituttet har oppretta ei eiga telefonlinje til dette: 815 55 015.
     
  • Hugs at unntaksreglane i krisesituasjonen gir deg 14 dagar eigenmelding.
     
  • Nattlegevakta vil frå no vere stasjonert ved Myrvåg legevakt i tidsrommet kl 22-08. Dette med bakgrunn i den pågående pandemi-situasjon og et ønske om å minske smitte-presset mot sjukehuset i Volda. NB: Ørsta og Volda har også felles legevaktsamarbeid på ettermiddag/kveld, samt helg.

Her finn du informasjon om smitteførebygging, korona-symptom, isolasjon- og karanteneråd/pålegg.

korona@orsta.kommune.no

Opningstider i påska 2020

Måndag og tysdag kl. 08.30 - 15.00. Onsdag 8. april kl 08.30 – 12.00.

Stengt frå onsdag 8. april kl 12.00 til og med måndag 13. april.
Treng du helsehjelp på raud dag, nytt legevakt: 116 117, og ev. 113 ved naudstilfelle.

__________________

Testing i påska

Ørsta og Volda samarbeidar om koronatesting på raude dagar i påska. I tidsrommet 9. - 13. april vert det no èin testdag: fredag 10. april.

Personar som treng vurdering for test, må ringje legevakta på tlf. 116 117 i tidsrommet 09.00 - 12.30 på testdagen. – Om legen seier at du skal testast, får du beskjed om kvar og når du skal møte opp. Ber om at de tek kontakt så tidleg som råd på testdagen, slik at vi unngår kø.

Testdagar:

  • veke 15: man - tirs - ons - fre
  • veke 16: tirs - ons - tors - fre

NB: Vi hadde tidlegare annonsert fleire testdagar i påska, men no blir det altså berre på langfredag. Endringar skjer fort om dagen, og det er gjort ei ny vurdering på at èin testdag på raude dagar i påska er det luraste. Dette grunna strenge krav for testing, testkapasitet og personell. Vi takkar for tolmodet og forståinga for dette.