Oppdatering 23.11.22: Oppheving av kokepåbod for området Vatne/Bondalseidet

Illustrasjonsbilde av ein person som held fram eit glas med drikkevatn. - Klikk for stort bilete Unsplash

Oppdatert melding 23.11.22: Etter to etterfølgande prøver utan funn av bakteriar, vel Ørsta kommune med dette å oppheve påbod om koking av drikkevatn for abonnentar til kommunal vassforsyning på strekninga mellom Vatne og Bondalseidet. 

Det er førebels ikkje funne kjelde til bakterieforureining, men vi kjem dei komande vekene til å halde fram med å ta vassprøver i området.

Vi ynskjer assistanse frå våre abonnentar i området i søk etter årsak. Avgraving av private vassleidningar, lekkasjer eller moglege feilkoblingar, kan gi sporadisk innsug på leidningsnettet. Dersom nokon har informasjon om slikt, ta kontakt med eining kommunalteknikk i Ørsta kommune.

 

Tidlegare melding:

Ørsta vassverk har påvist bakterie i drikkevatn på Vatne, og set kokepåbod inntil årsak er funne og/eller to nye prøver viser null bakteriar i drikkevatnet.


Artikkelen vil bli oppdatert so snart det er noko nytt.

Følg oss