Oppdatering 23.03.2020: Status legesenter

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  

Denne statusen har blitt oppdatert, 31.03.2020. Les den her

Legesenteret må gjere strenge prioriteringar på kven dei kan ta inn til time. Det er viktig at telefonlinjene våre er opne for dei som verkeleg treng akutt helsehjelp - også i dei tilfella som ikkje er relatert til den pågåande korona-situasjonen i samfunnet vårt

Ørsta helsesenter: 700 48 050
08.30 - 15.00 måndag - fredag (stengt i lunsjpause 12.00 - 12.30)
 

  • Ikkje møt direkte på legesenteret, men ta kontakt per telefon. Du vil då få informasjon om kva du skal gjere ev. kvar du skal møte.
     
  • Dørene til legesenteret er stengde. Helsesekretær tek i mot deg som kjem etter avtale, og ser til at du kjem til rett plass.
     
  • Fastlegen din tek imot pasientar på kontoret annan kvar veke, etter avtale på telefon. I tillegg tilbyr vi telefonkontakt, e-konsultasjon og videokonsultasjonar.
     
  • På www.orstahelsesenter.no er det tilgang på elektroniske tjenester etter innlogging. Ved videokonsultasjon venter du på SMS eller e-post og følger lenken du får i invitasjonen. Når du har gjort det ser legen at du venter på oppringing på video.
     
  • Ikkje møt til bestilte timar på legesenteret om det ikkje hastar. Det er ikkje naudsynt å ringe for å avbestille. De vil ikkje verte belasta med gebyr for manglande oppmøte.
     
  • Det er god legekapasitet for rågjeving per telefon, så dei kan avgjere om du skal inn på time om du er usikker - viktig at alle som er sjuke ikkje er redde for å ta kontakt. 
     
  • Hugs at unntaksreglane i krisesituasjonen gir deg 14 dagar eigenmelding.
     
  • Legevakt (telefon 116 117) skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er ope.
     
  • Ikkje ring legekontor, legevakt eller 113 viss du har generelle spørsmål om koronaviruset. Folkehelseinstituttet har oppretta ei eiga telefonlinje til dette: 815 55 015.
     
  • Nattlegevakta vil frå no vere stasjonert ved Myrvåg legevakt i tidsrommet kl 22-08. Dette med bakgrunn i den pågående pandemi-situasjon og et ønske om å minske smitte-presset mot sjukehuset i Volda. NB: Ørsta og Volda har også felles legevaktsamarbeid på ettermiddag/kveld, samt helg.

Her finn du informasjon om smitteførebygging, korona-symptom, isolasjon- og karanteneråd/pålegg.