AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Oppdatering 11. april kl 18.50: Smittesituasjonen veke 14

Klikk for stort bilete
Det er hittil meldt om 26 tilfelle av Covid-19 denne veka. 

Smittetilfella fordelar seg på Bu og habilitering ved Bakk-Ola-marka, Buavdelinga på Ørstaheimen, 4. og 7. trinn Velle skule, 9. trinn Ørsta ungdomsskule, 3. og 5. klasse ved Hovden skule og Ørsta opplæringssenter. 

 

Oppdatering: 

Under her vil vi oppdatere status for smitte og tiltak i kommunen med dato og klokkeslett, då situasjonen endrar seg raskt:

___________________________________________________________________________________________


Søndag 11. april kl. 18.50

Situasjonen i Ørsta kommune er per no uendra. Kommunen vil som tidlegare meldt kome med ny vurdering av dei tenestene som er råka i morgon, måndag 12. april. Vi har ikkje fått meldt om fleire smittetilfelle i dag, men ventar framleis på mange prøvesvar.

Har du ikkje fått svar på prøva enno? - Mikrobiologen i Molde som analyserer prøvene er på saka, og vi håper at du vil få svar snarast mogleg.

Får vi fleire smittetilfelle vil vi varsle om det, slik som tidlegare.

___________________________________________________________________________________________

Laurdag 10. april kl. 16.30

Det er i ettermiddag meldt eit nytt positivt tilfelle av Covid-19. Ingen nye nærkontakter. 

Velle skule:

- Klasse 4A: 14 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Klasse 4B: 19 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Klasse 7A: 24 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Klasse 7B: 22 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Tilsette: 13 i karantene, alle har negativ 1. test
 

Ørsta ungdomsskule:

- Klasse 9A: 23 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Klasse 9C: 20 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Tilsette: 7 i karantene, alle har negativ 1. test
 

Hovden skule:

- Klasse 3A: 11 elevar i karantene, 6 har fått svar på 1. test og var negative.

- Klasse 5A: 15 elevar i karantene, 9 har fått svar på 1. test og var negative.

- SFO: 12 elevar i karantene, 4 har fått svar på 1. test og var negative.

- Tilsette: 11 i karantene, 7 har fått svar på 1. test og var negative.
 

Grunnskuleopplæring for vaksne i Ørsta:

- Elevar: 21 i karantene, 11 har fått svar på 1. test og var negative.

- Tilsette: 4 i karantene, alle har fått negativt svar på 1. test.


Fotballlag:

- Damelaget: 13 i karantene, negativ 1. test på alle.

- Guttar 13: 8 i karantene, negativ 1. test på alle.

- Guttar 16: 32 i karantene, negativ 1. test på alle.

- Fotballtrenarar: 7 i karantene, negativ 1. test på alle.

- Jenter 17: 17 i karantene, 16 av desse har fått svar på 1. test og testa negativt.
 

Aktiv trening:

Vi har ikkje fått melding om nokon positive testar på dei som har vore på Aktiv trening 05.04. Desse er heller ikkje definerte som nærkontakter eller sett i karantene. Vi ber dei likevel ha låg terskel for å ta ny test dersom dei skulle utvikle symptom etter at dei har testa seg, då det kan ta inntil 10 dagar frå ein er smitta til ein utviklar symptom.
 

Teststasjonen ventar på fleire svar i løpet av helga.

___________________________________________________________________________________________

Fredag 9. april kl. 23.00

Det er i ettermiddag/kveld meldt to nye positive tilfelle av Covid-19. Dette er nærkontakter til tidlegare tilfeller, og dei var i karantene. 

Sidan tysdag 06.04. er det tatt 1060 koronaprøver i Ørsta og Volda kommunar. Det sitt no omlag 360 nærkontakter i karantene og enda fleire husstandsmedlem har blitt sett i ventekarantene i påvente av resultatet på første test.

Alle bebuarar og tilsette på buavdelinga på Ørstaheimen har fått negativt svar på første test.

Til no har 4 bebuarar på Bakk-Ola-marka testa positivt for covid-19, alle dei andre bebuarane har testa negativt.

Teststasjonen held fram med testing i morgon 10.04. Ein kan bestille time elektronisk på kommunen sine nettsider. 

Vi ber om at alle innbyggarar har låg terskel for å teste seg dersom dei har symptom på koronavirus, også om det kun er lette symtom.

___________________________________________________________________________________________

Fredag 9. april kl 13.25


Skulane i Ørsta kommune:
Det blir heimeskule til og med måndag på heile Hovden skule, heile opplæringssenteret, heile Ørsta ungdomsskule og 4., 6. og 7. trinn ved Velle skule som følgje av smittesituasjonen. 

Sjukeheimane i Ørsta kommune:
Ein tilsett på Buavdelinga har testa positivt for Covid-19, 07.04.21. 
Bebuarane på Buavdelinga er i karantene og avdelinga kjem til å vere stengt til slutten av neste veke.

Ut frå smittesituasjonen i bygda ønsker me så få besøk som råd på institusjon i helga. Ved spesielle behov, vil me så sant det er forsvarleg legge til rette for besøk på andre avdelingar enn Buavdelinga som har smitte.

Råda gjeld også Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen.

___________________________________________________________________________________________

Fredag 9. april kl 11.50

Ein som har fått påvist smitte har vore på Aktiv trening i Ørsta måndag 05.04 i tidsrommet 13.00-15.00. Vi ber alle som har trent der i same tidsrom og/eller resten av dagen om å teste seg.
___________________________________________________________________________________________

Fredag 9. april kl 11.00

Det er hittil meldt om 23 tilfelle av Covid-19 denne veka. I dag er det meldt om 2 nye positive smittetilfelle i Ørsta. Desse tilfella er knytt til Hovden skule. Tilsette og elevar som går i 3. og 5. klasse på Hovden skule og som har vore i klassen enten 06.04 eller 07.04, skal vere i karantene og teste seg i dag. Det gjeld også dei som har vore på SFO desse dagane. Husstandsmedlem til desse tilsette og elevane må gå i ventekarantene til det er svar på den første testen til den som er i karantene. 

Teststasjonen held ope til kl 15 i dag.

Les meir på sida vår om koronatesting

Smittesporingsteamet vil ringe til dei som skal vere i karantene, men dette vil truleg ta litt tid, då det har vore stor arbeidsbelastning på smittesporingsteamet i kommunen denne veka. Vi ber difor om at dei som er berørte orienterar seg i karantenereglane som ein finn på FHI.no:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/karantene-og-isolering/

Dei som er i ventekarantene fordi dei er husstandsmedlem til ein som er i karantene, treng ikkje å bestille test, så lenge dei kjenner seg friske

___________________________________________________________________________________________

Torsdag 8. april kl 23.00

Ørsta fekk meldt ytterlegare 3 positive i kveld. Alle desse er nærkontakter og har vore i karantene.

Ein er tilsett på Bakk-Ola-marka. Ein annan er tilknytta Ørsta opplæringssenter og ei klasse og nokre lærarar der er sett i karantene.

Smittesporingsarbeidet er no svært omfattande og vi har ikkje rukke å kontakte alle som er sett i karantene. Vi ber om forståing for dette og vil fortsette å ringe i morgon.

Vi bed om at alle dei som har fått informasjon om at dei skal i karantene frå arbeidsgivarar, skulen eller trenarar held seg i karantene til vi tek kontakt.

Det er i alt meldt 21 nye smittetilfeller i kommunen denne veka per torsdag 8. april.   

___________________________________________________________________________________________

Torsdag 8. april kl 19.00

Ørsta fekk i ettermiddag meldt 5 nye tilfelle av Covid-19 knytt til Bakk-Ola-marka. 

Alle fem er nærkontakter og var i karantene. Fire er bebuarar og ein er tilsett på Bakk-Ola-marka.

Smittesporingsarbeidet held fram og nærkontakter vil bli kontakta.  

Det er i alt meldt 18 nye smittetilfeller i kommunen det siste døgnet.  Vi vil oppdatere denne statusen om det kjem fleire positive Covid-19 tilfeller i løpet av kvelden.

___________________________________________________________________________________________

Torsdag 8. april før kl 13.00

Situasjonen torsdag før kl 13.00 er samanfatta i følgande pressemelding:

Pressemelding: Smittesituasjon 8.april før kl. 13.00

Følg oss