Opning av Melsgjerdet

VØR avdeling Melgjerdet er herved opna. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset

I går, torsdag 15. september, var ordførarane og kommunestyra for Ørsta og Volda saman med mange andre på opninga av VØR sitt nye omlastingsanlegg på Melsgjerdet.

Anlegget er topp moderne og viktig i vidare arbeid med «søppel» som ressurs.

24. juni i år fekk VØR ferdigattest på det nye omlastingsanlegget. Dei er no godt i gong med testing av teknisk utstyr og prøvedrift. I det nye anlegget er det avfallet som blir henta frå husstandane som skal innom Melsgjerdet. VØR i Hovdebygda består og skal brukast som før, som leveringsstasjon for avfall.

VØR hadde satt opp telt med servering av kake, kaffi og brus. Hans Peter Eidseflot, dagleg leiar i VØR, seier at dette er eit stort løft for VØR og at realiseringa starta i 2015 og stod ferdig i juni 2022. Melsgjerdet har blitt eit moderne omlastingsanlegg med luktsluser, luktreinsing og reinsing av alt vatn på området. Med dette anlegget blir ein ny kvardag for drifta i VØR.

Hallvar Bjørneset og Petter Engeset delte ut takk og blomster til Petter Bjørdal (VØR), Anne Ellingsen (VØR), Jonas Reitan (Ose AS) og Richard Øyre (Aurstad Tunnel AS).

Blomster-overrekking. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset
Ordførarane gratulerte VØR med nytt anlegg og la vekt på kva godt samarbeid kan få til. Til slutt dukka Kjell «Kjellen» Bigset opp med noko avfall han skulla hatt sortert. Deretter var det song, musikk og eit liten sketsj med tips om sparing og sortering frå han si side.

Kjellen hadde pakka inn søppel i grøne plastnett, slik han kunne levere dei til sorterting... Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset  

Kristin Kobbevik, Aurstad Tunnel AS.
Bilder frå omvisninga på anlegget:

Følg oss