Opning av gang- og sykkelveg på Dalane
Ordførar Stein Aam klipte snora, heldt av dagleg leiar i Volda Maskin Jon Grebstad og prosjektleiar Dag Jarle Aa. I bakgrunnen jublar elevane saman med rektor Audhild Baarholm Øye.
I går var det offisiell opning av gang- og sykkelvegen ved Dalane skule. Dette til stor glede for både kommunen, dei 67 elevane og tilsette ved Dalane skule.
Det er ikkje ei så lang strekning, men den er veldig viktig. Den knyter byggjefelta i Haugen saman med skulen. Det er også laga ei større busslomme, noko som gjer det tryggare for elevane å kome seg av og på skulebussen. Rektor Audhild Baarhold Øye understreka også at gangvegen gir fleire trygge moglegheiter for turar i nærområdet. Prosjektet er delvis finansiert gjennom midlar frå staten via tilskotsordninga "Tilskudd til tiltak for økt sykkelbruk".
Opprusting av gatelys
Samstundes som gangvegen og busslomma har blitt opprusta, er det lagt til rette eit nytt styringssystem for gatelysa mellom Vatnekrysset og Brune, samt ny armatur for LED-lys. Opprustingane er i samsvar med krava frå Statens vegvesen, som vil ta over drifta av gatelysa. Ørsta kommune vil såleis sleppe driftskostnadar på denne strekninga etter overtakninga.
Vi takkar Volda Maskin for vel gjennomført oppdrag og godt samarbeid!
Publisert 21.08.2019 07:36