Opnar opp att for alkoholservering

Stortinget har opna opp for at kommunane sjølv skal vurdere om kommunen har lågt smittetrykk, og dermed kan tillate alkoholservering i samband med matservering. 

Ørsta kommune har i noverande situasjon eit lågt smittetrykk, og vel å opne opp for skjenking av alkohol igjen. Reglane som gjeld ved skjenking av alkohol i kommunen er lik dei nasjonale føringane.

  • Det blir skjenkestopp ved midnatt.
  • Gjestar kan ikkje sleppast inn etter klokka 22.00.
  • Alkoholservering kan kun skje i samband med matservering. 

Endringane trer i kraft frå midnatt natt til fredag 22. januar 2021.

Serveringsstadar må følgje krav til smittevernfagleg forsvarleg drift etter covid-19-forskrifta §14a.