Omvising på nyeskulen

Fredag 14. juni fekk elevar frå Velle og Vikemarka skule omvisning på nye Velle skule.

Elevar som skal starte i 5.–7. klasse til hausten fekk sjå klasseromma sine denne dagen. Dei tilsette og administrasjonen fekk også ei omvisning.

Her er nokre bilder frå då gruppa som skal starte på 6. trinn 19. august 2024 fekk omvisning.  Desse elevane skal gå på sørfløyen som har fått namnet “Skogsavdelinga”.  Bygget har fire undervisningsrom per trinn, pluss spesialrom og anna.

Det som gjenstår inne no er litt elektrisk arbeid og nedvask. Eksteriør og uteområdet blir forhåpentleg ferdig ila hausten. Det var god stemning og stor forventning. 

Flott utsikt og ingen støy frå E39. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

 

Det var god stemning og stor forventning både for elevar og tilsette. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

 

Garderobeområdet. Skogsavdelinga har fått ein dus grønfarge på veggane. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

 

Store flotte undervisningsrom. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

 

Utsikt ned til det som skal blu utearealet. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

 

Amfiet som har moglegheit til å romme alle elevane på skulen. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Følg oss