Offisiell opning av Ørsta bussterminal

Ordførar Stein Aam fekk i dag æra av å klippe snora på den nye bussterminalen i Ørsta.

Seksjonsleder Gitte Beiermann, Statens vegvesen ynskte velkomen til den offisielle opninga, spesielt velkomen til born frå Baras Vel barnehage som før snorklippinga sang "ein busssjåfør" og "hjulene på bussen" for dei frammøtte. Ho gav ordet vidare til dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll og Furesund, som er entreprenør for prosjektet. Han takk for oppdraget og takka både vegvesenet og Ørsta kommune for samarbeidet.  

Kvar dag er 80 bussar med omlag 1500 passasjerar innom bussterminalen i Ørsta opplyser Svein Ivar Aarskog, frå kollektivavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Den nye bussterminalen har oppstillingsplass til 3 bussar, rundt kl 15.30 på kvardagar kjem 5 bussar nesten samtidig, då kan det vert det kø seier Aarskog. Det skal monterast samtidstavle på den nye bussterminalen, den viser rutetidene til bussane og kva tid dei eksakt kjem til terminalen.

Då var tida inne for ordførar Stein Aam og foreta den offisielle opninga, han er stolt over at Ørsta har fått ein flott og praktisk bussterminal og at kommunen gjekk inn for at venterom med toalett kom på plass. Då Aam for tre år sidan tok over som ordførar i Ørsta stod det gamle og forfalte mørebilbygget der, det er no reve, tomta er selt og her er planar for eit leilegheitsbygg, han er glad for at han med fleire ilag med seg kan arbeide for eit betre Ørsta, opninga av bussterminalen er eit av dei goda ein no har fått til. Ordførararen ser det som viktig at folk tek vare på dei nye fasilitetane, så området held seg fint og at ikkje noko vert øydelegt.
 

Fakta frå Statens vegvesen:

Bygginga av ny bussterminal i Ørsta starta i mars i år. 
•    Den gamle bussterminalen er rive og uteområdet er bygd opp på nytt. 
•    Ørsta kommune har investert i venterom med toalett som er tilrettelagt for alle brukarar. Bussterminalen har fått nye grøntområde, benkar, leskur og sykkelparkering under tak.
•    Det er montert nye gatelys på bussterminalen og eit stykke langs E39.
•    Nye løysingar for dei som går og syklar gjer det tryggare å kome seg til og frå bussen.
•    Køyremønsteret er endra slik at trafikkbiletet skal bli meir oversiktlig for alle som brukar terminalen. 
•    Parkeringsplassar legg til rette for at folk kan parkere bilen og ta bussen vidare.

"Kyss og køyr"
- Det er også lagt til rette for passasjerar kan bli køyrt trygt til og frå bussterminalen gjennom å bygge ei såkalla «kyss og køyr»-lomme for publikum. Det er ei korttidsparkering ved bussterminalen for å ta avskjed eller ynskje velkomen folk som kjem med bussen

Følg oss