Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for Krokedalen barnehage

2017-06-01_0926.jpg - Klikk for stort bilete

Detaljreguleringsplanen for Krokedalen barnehage er lagt ut til offentleg ettersyn.

Føremål med planarbeidet er å legge til rette for eit utvida uteområde for barnehagen, samt å fastsetje parkerings- og trafikkløysing for barnehagen. I tillegg er det teke med areal for å tilpasse plansituasjonen til eksisterande forhold kring eine tilkomstvegen.

Du finn plandokumenta ved å gå til kommunen sitt planinnsyn, på www.ørstakart.no og på Ørsta rådhus frå 03.06.2017 – 05.08.2017
 
Merknader til planframlegget kan sendast til Ørsta kommune, plan- og miljøavdelinga, 6153 Ørsta, som e-post til postmottak@orsta.kommune.no, eller sendast direkte frå kartportalen innan 05.08.17.
 
Sist endra 01.06.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering