Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for del av Osstranda, gnr/bnr 47/121

2017-04-06_0910.jpg - Klikk for stort bilete

Framlegg til detaljreguleringsplan for del av Osstranda, gnr/bnr 47/121 er lagt ut til offentleg ettersyn jf. pbl §§12-10 og 11.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utvikling av leiligheiter og eventuelt kontor- og fellesfunksjonar i "Gartnarhallbygget". Planframlegget medfører ei auke i bygningsvolum, og at det vert etabler 3 etasjer i deler av bygget. Grå/lyse fargar i illustrasjonen over er nye bygningsdelar, medan dei brune/mørkare delane er eksisterande.

Plandokumenta finn du i kommunen sitt planinnsyn, ved å gå til www.ørstakart.no, og sjå under "planar til høyring". Dokumenta er også tilgjengelege på Ørsta rådhus.

Merknader til planarbeidet skal vere skriftlege, og skal sendast til postmottak@orsta.kommune.no eller Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Det er også mogleg å levere merknader direkte gjennom planinnsynsløysinga (sjå "gi tilbakemelding"). Merknader må vere sendt innan 20.05.2017.

Sist endra 06.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering