Offentleg ettersyn av to detaljreguleringsplanar

Illustrasjonar er henta frå planomtalane til dei respektive planane - Klikk for stort bilete

 

Ørsta formannskap har vedteke å legge detaljreguleringsplanane for E39 Moldvikneset - Masdal og B5-Ryste ut til offentleg ettersyn.

E39 Moldvikneset - Masdal

Føremålet med planen er å legge til rette for ei utbetring av E39 på strekninga Moldvikneset - Masdal. Strekninga er omlag 1030 m, og det er i hovudsak to kurver i tillegg til forholdet mellom horisontal- og vertikalkurvaturen som gjer at trafikktryggleiken ikkje er tilfredstillande.

B5 - Ryste

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for konsentrerte bustader i lavblokk og firemannsbustader. Planen omfattar og tilkomst til gnr/bnr 49/5 samt busslomme langs Leitevegen. Plankartet er lagt fram i to alternativ. Saka er fremja med føresetnad om samordna handsaming av plansak og byggesak, jf. pbl §§ 12-15 og 1-7. Det betyr at søknad om byggeløyve ikkje vil verte varsla seinare.

Plandokumenta for  begge planane er tilgjengelege i kommunen sitt planinnsyn. Dokumenta knytt til detaljreguleringsplanen for E39 Moldvikneset - Masdal finn du også på vegvesenet si planside. Gå til www.ørstakart.no, og sjå under «planar til høyring». Dokumenta er også tilgjengelege på Ørsta rådhus.
 
Innspel til detaljreguleringsplan for E39 Moldvikneset - Masdal skal vere skriftlege, og skal sendast til firmapost-midt@vegvesen.no eller til Statens vegvesen region midt, postboks 2525, 6404 Molde. Innspel til detaljreguleringsplanen må vere sendt inn innan 05.04.2017. 
 
Innspel til detaljreguleringsplan for B5 Ryste skal vere skriftlege, og skal sendast til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 5153 Ørsta. Det er også mogleg å levere innspel direkte gjennom planinnsynsløysinga (sjå «gi tilbakemelding»). Innspel til detaljreguleringsplanen må vere sendt inn innan 08.04.2017. 
 
Artikkelbilete er henta frå planomtalane til dei respektive planane.
 
Sist endra 22.02.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering