Nytt telefonnummer for koronatesting

korona - Klikk for stort bilete

Fredag 18.09.20 vert det nytt telefonnummer for koronatesting: 700 58 960.

Det nye telefonnummeret vert dei to første dagane testa ut i Ørsta kommune.

Frå tysdag 22. september vert dette felles koronatelefonnummer for Ørsta og Volda.

Telefon for koronatesting700 58 960 (kl.09.00 - 14.00, mån - fre).
Det er ikkje mogleg å sende SMS til dette nummeret.  

Det er stor pågang på telefonen mellom kl. 09-10, om de opplever lang ventetid så prøv igjen litt seinare. Alle skal få svar og testing vert utført same dag eller dagen etter.

Adressa til teststasjonen er Langemyra 3, Hovdebygda i Ørsta. Følg skilting til Trafikkstasjonen/Biltilsynet i Hovdebygda. Lokalet er i samme bygg som Glasverkstaden.

Det er viktig at alle held seg heime til dei har fått svar om negativ koronatest OG har god almenntilstand. Det gjeld eigne reglar for folk som er i karantene (karantenetida gjeld uansett kva testresultatet viser).