Nytt smittetilfelle i Ørsta

Ein person har testa positivt på Covid-19 i Ørsta denne veka. Det er viktig at alle held fram med å følgje smittevernreglane.

Vi ventar på prøvesvar frå person i same husstand, men kan anta at vi no har to nye smitta som oppheld seg i Ørsta kommune.

Smitta skriv seg truleg frå eit større utbrot i ein annan del av landet. Dei to har vore på fleire butikkar i Ørsta og Volda før dei fekk symptom. Vi vil difor påpeike viktigheita av å halde avstand på butikkar og andre offentlege areal.

Vi har forståing for at dette er ein uvanleg sommar, men det er viktig at alle held fram med å ta førehandsreglar og følgje smittevernreglane; - Vaske hendene godt og halde avstand til andre enn dei næraste. Føler du deg sjuk, eller har luftvegssymptom skal du halde deg heime og ev. kontakte koronatelefonen for å vurdere prøvetaking.

Ny tlf for koronatesting: 90 83 07 20 (08.30 – 10.30, man - fre) Alle med symptom, kan no bli testa. Les meir

 

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende