Nytt om SFO sine opningstider

Klikk for stort bilete
I samband med overgang frå raudt til gult nivå for smittevern og auka opningstid i ørstabarnehagane, vert det også endringar for SFO frå og med torsdag 4. juni.

Dei nye krava til organisering av SFO i smittevernrettleiaren har ikkje auka fleksibiliteten i særleg grad, noko som framleis kan gi personalutfordringar for SFO ved nokre skular. Den generelle opningstida vert no 08.00 - 16.00 ut skuleåret.

Dersom nokon foreldre treng ei anna opningstid innafor det som gjeld elles i skuleåret (vanlegvis 07.15-16.30), er de velkomne til å ta kontakt med rektor ved skulen dykkar, så vil skulen strekke seg langt for å få til ei god ordning for dykk og barnet dykkar.