Nynorsk kultursentrum feirar 25 år!

Haust, Ivar Aasen bautaen i sentrum

Jubileet vert markert med eit dagsprogram i Ivar Aasen-tunet som er ope og gratis for alle og ein festmiddag om kvelden for 118 inviterte gjester frå heile landet. 

Kulturminister og æresgjest Trine Skei Grande skulle halde innlegg og legge blomar ved Ivar Aasen-bautaen i Aasentunet, men eit innstilt fly frå Oslo satte ein stoppar for besøket, meldte Møre Nytt fredag.


Skipa i 1993

Stiftinga Nynorsk kultursentrum blei skipa 30. august 1993. Den gongen var føremålet å etablere Ivar Aasen-tunet som eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. No har Nynorsk kultursentrum tre museum og tre språk- og litteraturfestivalar i tre fylke på Aust- og Vestlandet, og det digitale oppslagsverket Allkunne.no. – Vi har gått våre eigne vegar og prøvt å ta godt vare på det vi fann undervegs, seier direktør Ottar Grepstad.

(Utdraget er henta frå aasentunet.no).

 

Korleis Nynorsk kultursentrum er bygd opp, Aasentunet.no


 

Følg oss