Nye retningslinjer for besøk på sjukeheim kjem før helga

Klikk for stort bilete 

Det er mange spørsmål no om besøk på sjukeheimen er som før. - Det er dei ikkje!

Pandemien er ikkje over og ved smitte inn i sjukeheim, vil følgene bli like alvorlege. Auka besøk aukar risiko for smitte. Me må difor gjera dette på ein trygg måte med utgongspunkt i FHI og Helsedirektoratet sine råd. Besøk skal stadig avtalast i forkant og vert begrensa. Me bed om forståing for at det tek tid å laga gode retningslinjer som både skal vera trygge for bebuarane og vera til glede for alle partar. 

Me skal få retningslinjene på plass i løpet av fredag 29.05.2020.

Fram til då gjeld dei retningslinjene me har hatt. I Ørsta har me frå slutten av april praktisert besøkskontroll og ikkje besøksforbod. Besøkskontroll har gradvis blitt oppmjukna og vil bli meir oppmjuka i morgon. 

Dei som vil ha meir informasjon, kan lesa FHI sine vedlagte retningslinjer:

Smittevernråd ved besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar

 

Med helsing

Linda Gramshaug Fonseca, sjukeheimslege