Nye opningstider på biblioteket

Klikk for stort bilete 

Sommaren er på hell og Ørsta folkebibliotek skal tilbake til sine vanlege opningstider med laurdagsope og kveldsope tre dagar i veka.

Reglane om smittevern gjeld framleis, så vi ber alle som besøker oss om å bruke handsprit ved inngangen og halde 1-meter avstand til andre ein ikkje er saman med. Vi har god plass på biblioteket, så det er trygt å besøke oss.

Grunna smittervern har vi fjerna ein del av brukar-pc'ane og tilbyr ikkje utleige av vårt møterom. Elles kan biblioteket brukast som vanleg.

Vi minner om at det er mogleg å bruke både pc og skrivar på biblioteket. Du kan betale via vipps eller kontant.

Opningstider f.o.m. 10. august:

Måndag, tysdag, torsdag kl. 12-19

Fredag kl. 12-16

Laurdag kl. 11-14

Ta kontakt med oss via e-post: post@folkebiblioteket.no, på Facebook eller ring 700 45 520.

Velkomen til oss!

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende