Ny pris til tenesta for psykisk helse og rus!

ArbeidsmiljøprisMR_2017.jpgTenesta for psykisk helse og rus vart i dag tildelt Møre og Romsdal sin Arbeidsmiljøpris 2017!

Prisen vert delt ut årleg av KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Dette er den 2. gongen på 3 år at Ørsta kommune har vunne Arbeidsmiljøprisen. I 2015 var det Hjørundfjordheimen som fekk den.

 I 2015 vart tenesta for psykisk helse og rus heidra med Ørsta kommune sin eigen arbeidsmiljøpris.

 Grunngjevinga finn du her

 

 

Tenesta for psykisk helse og rus

Noko av det som kjenneteiknar eininga er den samla viljen og evna til nytenking. Dei er ikkje redde for endring og har i staden valt å sjå på utfordringane som noko som er positivt og som kan føre til utvikling. Alle endringane dei har gjennomført har vore gjort for å få det betre!

Dei har arbeidd systematisk, og etablert gode rutinar. Gjennom det har dei greidd å involvere alle tilsette i dette arbeidet. God informasjonsflyt og klare krav frå leiar om deltaking og tilbakemelding, bidreg til høg trivsel og arbeidsglede. Alle tilsette opplever å verte sett og at deira kompetanse vert verdsett og nytta. Kontinuerleg forbetring av det faglege arbeidet og HMT-arbeidet har gått hand i hand. Tenesta for psykisk helse og rus syner gjennom det dei gjer, og har oppnådd, den viktige samanhengen mellom best mogleg bruk av kompetanse, meistringsorientert leiing, oppleving av meining, trivsel og god arbeidshelse. 
 

Godt og inkluderande arbeidsmiljø

Tenesta for psykisk helse og rus har gjennom systematisk og målretta arbeid etablert eit særskilt solid fundament for eit godt arbeidsmiljø. Alle nye, både vikarar og fast tilsette, har ein forventningssamtale med einingsleiaren ved oppstart. Då avklarar dei kva forventningar dei har til kvarandre og kva krav som ligg til jobben dei har takka ja til. Dette er med på å førebygge mistydingar og å avverje konfliktar i framtida. Samstundes får leiaren meir innblikk i kva behov den tilsette måtte ha for tilrettelegging.

Eininga består av fleire fag- og tenesteområde som tidlegare var delte, men som no er samla i ei eining. Frå å vere få og med små tenesteområde, er dei no i overkant av 30 tilsette, fordelte i ulike faglege team, dagsenteret Møteplassen, Småjobbsentralen og kommunepsykologtenesta.


Rekruttering

Tenesta for psykisk helse opplever god rekruttering til nye stillingar, med dyktige fagfolk som ynskjer å arbeide der. Blant dei som har vore der i fleire år opplever dei stabilitet, som også vitnar om høg trivsel.

I tillegg til at dei tilsette har det kjekt på jobb, ynskjer dei også å nytte delar av fritida si i lag. Ein eigen sosialkomité arrangerer sosiale tiltak utanom arbeidstida to gonger i året. I tillegg har dei fredagspizza og graut som faste arenaer for meir uformelt samvær.


Tilbod for dei som står utanfor arbeidslivet

Tenesta for Psykisk helse og rus søkte om midlar frå Extrastiftelsen for å etablere Småjobbsentralen. Dette er eit lågterskeltilbod for menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus, og som står utanfor arbeidslivet.

Kafeen Møteplassen er hjartet i det nye bygget; Viketunet, og fungerer som arbeidsplass for menneske som har behov for å prøve anna arbeid, og som møteplass mellom brukarar, tilsette og andre innbyggjarar.


Stor overføringsverdi til andre i arbeidslivet

Eininga er gode ambassadørar for kommunen og arbeider medvite med omdømmebygging.  Arbeidet deira er etter kvart anerkjent langt ut over kommunegrensene, og dei vert leigde inn av andre for å snakke om ” Ørsta- modellen”. Leiarar og medarbeidarar frå andre kommunar i fylket og frå andre kantar av landet har kome til Viketunet og Tenesta for psykisk helse og rus i Ørsta for å lære. Arbeidet dei gjer er eit eksempel til etterfølging for andre, og har stor overføringsverdi til andre i arbeidslivet.  


Vi gratulerer!

Følg oss