Ny nettløysning varslar lokal luftkvalitet

Klikk for stort bileteSkjermkutt 21.02.19
Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Statens vegvesen, Miljødirektoratet og Meteorologisk institutt har gått saman og utvikla ei landsdekkande varsling av luftkvalitet.
 

Luftkvalitet i Ørsta


Tenesta gjev automatisk varsel om lokal luftkvalitet for alle kommunar og tettstadar, og er basert på værprognoser, utsleppsdata og eksisterande målingar der det finst. Det vert varsla om det er forventa lite, moderat, høg eller svært høg luftforureining. Med tenesta følgjer det også helseråd til befolkninga og eit kart som syner kvar i kommunen luftkvaliteten kan verte dårleg.  
 

Fann du det du lette etter?