AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Ny leiar for seksjon skule

Klikk for stort bileteEllen Jåvold er ny leiar for seksjon skule frå 1. august 2021I august får kommunen ny seksjonsleiar for seksjon skule, og det vert samtidig endring i organiseringa av Ørsta opplæringssenter.

1. august går seksjonsleiar skule, Kirsti Øy Driveklepp av med pensjon. Ellen Jåvold tek då over som seksjonsleiar, ho er busett på Bryggja i Nordfjord, der ho har vore kommunalsjef.

Det vert frå 1. august også andre endringar i seksjon skule.

Ørsta opplæringssenter vert ikkje lenger eiga eining, men lagt under Ørsta ungdomsskule med nytilsett assisterande rektor, Hilde Bjørkedal,  som avdelingsleiar.

Tidlegare rektor for opplæringssenteret Oddbjørn Aam vil fortsatt arbeide i kommunen i seksjon skule, og assisterande rektor ved opplæringssenteret, Oddny Flugekvam, går av med pensjon. 
 

Klikk for stort bileteKirsti Øy Driveklepp  

Klikk for stort bileteOddbjørn Aam

Klikk for stort bileteHilde Bjørkedal 

Klikk for stort bileteOddny Flugekvam 

Følg oss