No startar arbeidet med å fjerne Telenor sine kobbarkablar og stolpar

Bilde viser ein gammel telefonstolpe mot blå himmel. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Unsplash

BN Entreprenør AS, som har fått oppdraget, melder om at dei vil gjennomføre sanering av stolpar og kabelstrekk i utvalte områder i Ørsta kommune i perioden februar–desember i år. 

I hovudsak vil arbeidet gå føre seg langs med hovudveg og linjestrekk i områda.

Områda det gjeld:

  • Barstadvik
  • Follestaddal
  • Håvoll
  • Nordre Vartdal
  • Sæbø/Bondalen
  • Sæbø Sentrum
  • Urke
  • Øye i Norangsdalen
  • Åmdal
  • Standal og Trandal

Det er berre stolpar og kabelstrekk som er frigitt for sanering som inngår i arbeidet. Sjå kart nedst på sida.

Stolper med strømførende kabler er det straumselskapet som eig. I desse traseane er det berre Telenor sin kobbarkabel som skal fjernast. 

Det same gjeld stolpar der det er – eller er planlagt montering av fiber.

Privat utstyr og destruering av stolpane

Delar av arbeidet vil gå føre seg på privat grunn. Privat utstyr som antenner, utebelysning etc. i stolpar er ikkje tillatt. Slikt utstyr må fjernes før arbeidet igangsettast. 

Det er ikkje anledning til å overdra stolpane etter sanering. Dette på bakgrunn av at stolpane inneheld miljøgifter, Telenor Norge AS forheld seg til krav frå myndighietene om forsvarlig destruering av desse.  

Det vil til tider bli noko redusert framkommeleghet under anleggsarbeida, vi håpar på dykkar forståing, skriv BN Entreprenør AS.

Arbeidet med sanering av kobbarnettet i Noreg vil foregå over fleire år, og er til dels styrt av vedtak frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet (NKOM). 

Stengte kobbarnettet i 2023 Det var i 2023 at Telenor stengte kobbarnettet for egne kundar. Og no er arbeidet i full gang med å rydde opp i kablar, linjer, bygg og anna utstyr som ikkje lenger er i bruk. Kobbarnettet blei brukt til mellom anna fasttelefon, internett via kobbarlinje og faks. (Telenor.no)

Kart over området, stolpar og kablar det gjeld

Dei blå punkta er stolper som skal saneres. På dei gule punkta er det berre kablane som skal saneres (stolpene skal stå att, enten fordi det er straumstolpar eller at det heng fiber i dei).

Barstadvik
Follestaddal
Håvoll
Nordre Vartdal
Sæbø/Bondalen
Sæbø sentrum
Urke
Øye i Norangsdalen
Åmdal
Standal og Trandal

Følg oss