No er vi klare for folkefest

Laurdag er Ørstahallen rigga for fest og over 200 personar av stort og smått skal på scenen for å feire Ørsta kommune. 

60 koristar fordelt på dei tre kora Hjørundfjord mannskor, PopKorn og Cantando.

Ballettskulen tek pause frå øvingane sine til Nøtteknekkaren for å feire. Her vert det både Hip Hop , contemperary og klassisk, med grupper og solodansarar. 

F.v. Sven Castberg frå Ørsta handball, Rebecca Riise Bjerknes dagleg leiar Ørstahallen, Hans Robert Bondhus tenesteleiar kulturskulen og Svein Aam er klare og gler seg til feiringa på laurdag. Ørsta kommune

Turn skal vise fram imponerande ferdigheiter frå scena, og det blir show med Gitargutanje.

Korpsa våre; Ørsta Skulekorps, Follestaddal Hornmusikk, Vartdalsstranda Generasjonskorps, Ørsta Hornmusikk, ØB brass og Sæbø Skulekorps har gått i hop alle saman og er over 70 stykk som skal spele saman. «Dette er heilt unikt», fortel dagleg leiar for Ørstahallen Rebecca Riise Bjerknes. Ingen av dirigentane eller leiarane veit at det har skjedd før.

Det blir aktivitetar for barn og Bjørnis kjem innom. I tillegg gir Jostein Mo oss eit unikt historisk tilbakeblikk. Så her er det noko for alle!

Handballen gjer ein kjempejobb for at dette skal vere mogleg.  Og det er kakesal og matsal heile opningstida 13.00-17.00.

Vi håper både små og store Ørstingar tar turen til Ørstahallen denne laurdagen.

Programmet:

Programplakat.

Følg oss