AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Ni nye smittetilfelle knytt til tilfella meldt tidlegare i dag.

Klikk for stort bileteØrsta kommune fekk i kveld 07.04. melding om 9 nye smittetilfeller med covid-19. Alle desse er knytt til dei 4 smittetilfella Ørsta kommune fekk meldt 06.04. og 07.04.

Det er i alt meldt 13 nye smittetilfeller i kommunen det siste døgnet. Smittevegen er no kjent, og smitta skriv seg til utbrotet i Herøy og Ulstein kommune.

Smittesporingsarbeidet pågår framleis. I samband med desse smittetilfella vil fleire verte sette i karantene, dette gjeld: 

  • Fleire bebuarar og tilsette ved Bakk-Ola-Marka.
  • Fleire bebuarar og tilsette ved Ørstaheimen, buavdelinga.
  • Elevar i klasse 4A, 4B, 7A og 7B på Velle skule som var på skulen 06.04.
  • Elevar i klasse 9A og 9C på Ørsta ungdomsskule som var på skulen 06.04.
  • Fleire fotballag som har hatt trening i Kiwihallen 04.04. og 05.04.

Dei nærkontaktene som ikkje er informert i kveld, vil verte kontakta i morgon. Vi ber om at dei som er varsla som nærkontakter frå skule, arbeidsstad eller fotballtrening, bestiller seg time til første test i morgon 08.04.

Husstandsmedlem til dei som er i karantene, vert sett i ventekarantene til nærkontaktene har fått svar på første test. Dersom den første testen er negativ, er husstandsmedlem ute av ventekarantene. Nærkontakta må framleis vere i karantene til vedkomande har fått svar på andre test i karantenen, som ein kan ta når det har gått over 7 døgn etter at nærkontakta sist var saman med den smitta. Dersom denne testen er negativ, kan ein då gå ut av karantene.

Meir informasjon om kva reglar som gjeld når ein er i karantene, finn ein på:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/karantene-og-isolering/

Teststasjonen i Hovdebygda ber om at dei som er i ventekarantene og ikkje har symptom, ikkje bestiller test i morgon. Dette er fordi teststasjonen ventar stor pågang, og det er no svært viktig at vi får testa nærkontaktene, samt øvrige innbyggarar som har symptom.

Følg oss