NAV Ørsta-Volda fekk Arbeidsmiljøprisen 2017

Arbeidsmiljøprisen17_NAV.jpg

Vi gratulerer NAV Ørsta og Volda som mottakar av arbeidsmiljøprisen 2017!

Arbeidsmiljøprisen for Ørsta kommune skal delast ut kvart år, og har følgjande målsetjing: 
Verdsetje dei beste helsefremjande tiltaka og prosessane som medverkar til trivsel, godt arbeidsmiljø og høgare nærvær.

5 års jubileum

Vi har delt ut arbeidsmiljøprisen i Ørsta kommune i 5 år. Dette er ein fin milepæl, som krevjer eit tilbakeblikk på tidlegare vinnarar:   

  • I 2016: Ergo-, fysio og friskliv. Les meir her
  • I 2015: Tenesta for psykisk helse og rus. Les meir her
  • I 2014: Barnas Vel barnehage Les meir her
  • I 2013: Hjørundfjordheimen (Vi har diverre ikkje artikkel på det).

Den aller første prisen gjekk til Hjørundfjordheimen, som også tok i mot Møre og Romsdal sin arbeidsmiljøpris i 2014. Det same klarte Tenesta for psykisk helse, to år seinare. Sistnemnde er invitert til årets Arbeidsmiljøkonferansen i Molde for å fortelje om arbeidet og arbeidsmiljøet sitt.  

At Ørsta kommune har teke heim fylket sin arbeidsmiljøpris to gonger i løpet av dei tre siste åra er unikt. No gjenstår det å sjå om vi i år greier «hattrick» med Tenesta for fysio- ergo og friskliv som var mottakarar i fjor. 

 

Arbeidsmiljøprisen for 2017

Totalinntrykket av NAV Ørsta og Volda er at dette er ei eining der arbeidet med arbeidsmiljøet er medvite, kontinuerleg og systematisk, både av leiar og tilsette. I tillegg har dei eit stort fagleg fokus. Det er stor reell medverknad og alle kjenner eigarskap til eininga. Dei er eit godt døme på at dei taklar utfordringar knytt til organisering, omorganisering og endringar, noko mange kan lære av.

 

Partnarskap mellom stat og kommune

Mottakarane er i ei særstilling fordi NAV er eit partnarskap mellom stat og kommune. Det er arbeida mykje og medvite for at dei tilsette skal oppleve minst mogleg skilje i arbeidskvardagen, på om ein er statleg eller kommunalt tilsett. Når Arbeidsmiljøutvalet vel å gi NAV prisen, er det ikkje berre dei kommunalt tilsette som er mottakarar, men alle dei 30 tilsette ved kontoret.

 

Utfordrande arbeidskvardag

Å vere tilsett i NAV kan til tider vere ei stor utfordring. Folk flest har ei meining om tenesta og jobben som vert gjort. Og vi veit at det har vore eit stort og negativt fokus i media gjennom mange år. Årets vinnarar har likevel, eller kanskje nettopp difor hatt eit ekstra fokus på arbeidsmiljøet sitt.

I tillegg til å skulle bygge ei teneste med to styringsliner, har også kontora i Volda og Ørsta blitt slått saman til eit felles, som krevjer sameining av nye kulturar. Slike prosessar gir alltid mange utfordringar, men personale og leiing har jobba jamt og trutt saman. Slik har dei sikra ein god arbeidskvardag og kunne levert forsvarlege tenester til brukarane sine.
 

Månadlege møte og medverknad

I NAV Ørsta-Volda står medverknad sentralt. Dei har eit fungerande samarbeidsorgan som inneheld leiar, tillitsvalde og verneombod. Dei har månadlege møte, der viktige avgjersler vert tekne opp. Dei tilsette vert i forkant av møta informerte om saker som skal takast opp og får høve til å uttale seg til tillitsvalde og verneombod. Dette fungerer godt og vert systematisk og strukturert fylgd opp. HMT- er fast post på saklista.

Leiaren spelar ei sentral rolle gjennom sin måte å leie på. Ho gjev rom for at tillitsvalde og verneombod som representerer dei tilsette, vert høyrt på og vert teke omsyn til. Dette skaper igjen eit godt fungerande NAV-kontor, der alle kjenner eigarskap til dei avgjerslene som vert tekne. Opplevinga dei tilsette skildrar er at dei har reell medverknad, samstundes som at det igjen gjer at dei respekterer, og er lojale, til avgjersle leiaren må ta.

Leiaren syner tillit til kvar enkelt tilsett ved å involvere og gi ansvar. Dette gjer at dei kjenner samhøyrigheit og eigarskap til prosessane i kontoret. Noko som igjen fører til at dei kjenner seg verdifulle og verdsette.
 

Medarbeidarundersøking

NAV Ørsta- Volda gjennomfører ikkje 10-faktor slik som resten av kommunen, men har si eiga medarbeidarundersøking. Og måten dei arbeider på er fullt i samsvar med dei kommunale føringane for medarbeidarundersøkinga.

I 2015 viste medarbeidarundersøkinga deira eit behov for tiltak, då mange kjende på lite meistring. Det vart på bakgrunn av dette resultatet gjort eit grundig etterarbeid for å kartleggje kva behov kvar enkelt medarbeidar hadde for å oppleve meistring. Kartlegginga resulterte i ein stor endringsprosess, som igjen resulterte i ei intern omorganisering av arbeidsmetodane deira. Tross i at «trenden» i NAV var at ein skal vere generalistar, valde dei å spesialisere tenestene til meir spesialiserte fagfelt. I prosessen tok dei utgangspunkt i dei tilsette sine kartlagde behov. Omorganiseringa førte til at kvar enkelt tilsett fekk eit smalare fagfelt, som dermed førte til høgare kjensle av meistring. Og i medarbeidarundersøkinga for 2017 oppnådde dei det beste resultatet nokon gong.

 

Sjukefråvær

I 2017 har NAV Ørsta-Volda omlag ikkje hatt sjukefråvær. I juli – september kan dei syne til 0% sjukefråvær. Dei oppgir fylgjande årsakar til dette gode resultatet:

  • Kvar arbeidstakar kjenner på ansvar i høve eigne oppgåver.
  • Godt samhald der ein tek vare på kvarandre.
  • Kjem på jobb med «den friske delen».
  • Jobbar i lag mot eit felles mål.
  • Auka meistringskjensle.

NAV Ørsta-Volda får stadig høyre frå nye tilsette at dei kjenner seg godt ivaretekne når dei kjem dit. Med krevjande arbeidsoppgåver og omstillingar, er det spesielt viktig for dei å vere til stades for kvarandre. Det er lav terskel for å ta kontakt med kvarandre om ein treng ein prat eller støtte.

NAV er ein verdig mottakar av arbeidsmiljøprisen for 2017 på kr 10.000 med diplom, og er eit godt føredøme for andre einingar i Ørsta kommune. Vi gratulerer NAV Ørsta/Volda så mykje med prisen!

Følg oss