Naturfestivalen startar 19. juli

Klikk for stort bileteBilete: Naturfestivalen

 

 

Naturfestivalen 19. juli til 4. august
www.naturfestivalen.no

I over to veke skal festivalen besøke våre nærområde, og det er stor variasjon i programmet. Festivalarrangøren seier sjølv at:

Det unike med Naturfestivalen er den store variasjonen i tilbod – toppturentusiastar får testa grensene sine, born og ungdom får prøve spennande aktivitetar, og dei som vil rusle ein tur på gamle stiar i godt lag kan gjere det. Kulturopplevingane er også ein særs viktig del av Naturfestivalen, og dette gjev ein ekstra dimensjon til arrangementa.

 

Rikt program

Det er eit rikt program og noko for ein kvar smak, enten du vil vere med på trimtur, overnatting, sykling, fotovandring, kajakktur, båttur eller eit av noregs brattaste motbakkeløp. 

Sjå fullt program

 

Saudehornet rett opp

Siste helga av festivalen vert det i tradisjon tru arrangert Saudehornet rett opp, eit arrangement som vår eigen ordførar har vore med på i alle år. Sjølv meinar Stein å hugse at han har vore med alle år utanom eitt.

Saudehornet rett opp vert 3. august 2019 arrangert for 17. gong. Løpet er ein folkefest, med start i Ørsta sentrum (småbåthamna) og målgang på toppen av Saudehornet 1303 meter over havet.

Fann du det du lette etter?