Naturfestivalen 2020

Naturfestivalen - Klikk for stort bilete

Naturfestivalen 24.juli - 2.aug 2020 

 www.naturfestivalen.no

I over to veke skal festivalen besøke våre nærområde, og det er stor variasjon i programmet. Festivalarrangøren seier sjølv at:

Det unike med Naturfestivalen er den store variasjonen i tilbod – toppturentusiastar får testa grensene sine, born og ungdom får prøve spennande aktivitetar, og dei som vil rusle ein tur på gamle stiar i godt lag kan gjere det. Kulturopplevingane er også ein særs viktig del av Naturfestivalen, og dette gjev ein ekstra dimensjon til arrangementa.

 

Rikt program

Det er eit rikt program og noko for ein kvar smak, enten du vil vere med på fjelltur, kulturomvisning, fotovandring eller familieaktivitetar. Grunna koronasituasjonen er diverre dei to største arrangementa i Naturfestivalen, Saudehornet rett opp og Romedals-campen, avlyst.  

Sjå fullt program

 

Usynleg O

Frå 12. juli og gjennom heile naturfestivalen kan du prøve turorientering og jakte på usynelege postar i tre varierte terreng i Ørstaområdet. Usynleg turorientering i Naturfestivalen bygger på bruk av appen UsynligO og det nye nasjonale tur- og orienteringskartet MapAnt.

Usynleg O

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende