Næringsprisen 2018 til Bøstrand Transport AS

Klikk for stort bilete Vilde Moltudal Igland



I kommunestyremøtet i dag, vart Næringsprisen 2018 utdelt med diplom og 20.000 kr. Næringsprisen for Ørsta kommune 2018 vart tildelt Bøstrand Transport AS  med følgjande grunngjeving:
 

Bøstrand Transport AS har vore ei lokal verksemd  innan transportnæringa sidan 1985. Per Åge Bøstrand starta forsiktig med ein bil og sjåfør, og sidan har verksemda bygt seg opp gjennom hardt arbeid og god service til kundane. 
Eit nødvendig strategisk grep vart tatt i 2012, ved at transportverksemda flytta frå Hovden til Mosflata. Bøstrand Transport AS og 8 andre selskap ligg i dag under Bøstrandgruppen AS.  Det skjedde samtidig eit generasjonsskifte ved at brørne Yngve Ose og Andre Ose Bøstrand overtok drifta i Bøstrand Transport AS – med svært god hjelp av Halldis Ose Bøstrand.

Dei er i dag godt etablert på Mosflata i fine tilpassa lokale for dei tilsette. Dei har ein oppdatert vognpark på 45 bilar og 60 tilsette. Bedrifta er også ei lærebedrift og har i dag 6 lærlingar.
 

Lokalt samarbeid:

Bøstrand Transport AS har vore, og vil fortsette å vere, ein svært viktig aktør for lokale firma i vår kommune. Dei har ytt rask service og leveranse av gods mellom Ørsta og andre destinasjonar nasjonalt og internasjonalt, noko som betrar konkurransekrafta for vårt lokale næringsliv. Det har vore særleg godt samarbeid inn mot store lokale firma som Grøvik, Vartdal Plast og Vik Ørsta AS. 

Bøstrand Transport AS er ein verdig vinnar av Næringsprisen 2018. Dei har gjort ein stor innsats i næringslivsamanheng for Ørsta. Yngve og Andre Bøstrand har sidan sommaren 2012 satsa strategisk og skapt mange nye arbeidsplassar, og vore eit godt førebilete for bransjen og næringslivet både lokalt og nasjonalt.

Takk for innsatsen og lykke til vidare!