Næringsfond i Ørsta kommune: «Saman for vekst!»

Ørsta frå Nivane - banner.jpg - Klikk for stort bilete Ørsta kommunestyre vedtok i møte 21.september 2017 retningslinjer for eit nyoppretta Næringsfond for aktørar i Ørsta kommune.

Du som har ein god idé eller prosjekt i tråd med formålet kan søke frå 1.desember

 

Formål

Ørsta kommune skal i rolla som samfunnsutviklar vere ein aktiv aktør for tilrettelegging og utvikling av næringsliv og arbeidsplassar i heile kommunen. Næringsfondet i Ørsta kommune skal styrke kommunen sitt arbeid med næringsutvikling og verdiskaping. Målet er fleire arbeidsplassar, sterke kompetansemiljø og berekraftige næringar. Fondet skal støtte både:

- nyetablering og gründerar
- stimulere til vidareutvikling og nyskapande aktivitet i etablerte verksemder/føretak.

I perioden 2018-2020 vil det vere spesiell fokus på tiltak innan reiseliv.
 

Lenkje til fullstendige retningslinjer

 

Praktisk

Ein kan søkje fondet gjennom heile året, det er altså ingen spesifikk søknadsfrist. Søknad skal sendast til Ørsta Næringskontor på epost. Næringskontoret gjer ei vurdering og innstiller til formannskapet som gjer endeleg vedtak. Det er ikkje klagerett på vurdering/tildeling.

Søkjar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Søknaden må vere innsendt før prosjektet blir påstarta. Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnader, avgrensa til maksimalt kr 400.000 frå næringsfondet.

Søknad må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel vere så kort og konkret som muleg (maks 10 sider).

Alle tiltak som får støtte skal sende inn prosjektrapport, seinast 6 mnd etter at tiltaket eravslutta. Sluttrapport er vilkår for sluttutbetaling. Dersom støtte frå Næringsfondet blir brukt til anna enn omsøkt eller blir misleghalde, kan kommunen krevje støtta tilbakebetalt.

 

Næringsfond til skredfarevurdering

 

Før du søker:

Kontakt gjerne Odd Magne Vinjevoll (Ørsta Næringskontor) 906 15 145  / omv@orsta-nk.no, eller Per Ivar Lied (ØK) 482 82 962 / per.ivar.lied@orsta.kommune.no, og les dei fullstendige retningslinjene.

Sist endra 04.12.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering