Mobbeombodet i Møre og Romsdal

Klikk for stort bilete

Alle barn og unge skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen! 

Mobbeombodet er ei ombodsteneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får ein trygg og god kvardag i barnehage og skule.

Mobbeombodet kan svare på spørsmål, gje støtte og rettleiing til barn, elevar og føresette som står i vanskelege situasjonar. I tillegg arbeider mobbeombodet med førebygging og bidreg gjerne med kurs og føredrag på ulike område.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet. Mobbeombodet har teieplikt.

 

Slik når du mobbeombodet:

Tlf.:      712 80 433 / 911 40 259

E-post: mobbeombodet@mrfylke.no

Følg mobbeombodet på Facebook  Les meir om mobbeombodet på mrfylke.no