Minnemarkering av 22.juli i Laguneparken

Klikk for stort bileteVaraordførar i Ørsta kommune, Karen Høydal, og tidlegare ordførar i Volda kommune, Jørgen Amdam.Ørsta kommune vil ha ei enkel markering med blomenedlegging ved minnemerket i Laguneparken onsdag 22. juli kl. 11.30.

Ni år har gått sidan Noreg vart ramma av terror i Regjeringskvartalet og på Utøya. Vi minnast alle dei 77 menneska som miste livet. Det er framleis viktig å stå saman og kvar dag arbeide for ytringsfridom, likskap, fellesskap og menneskerettar.

Velkomen til minnemarkering.