Minnemarkering 22. juli i Laguneparken

Minnemarkering 22. juli ved varaordførar Karen Høydal

Mange var samla ved minnesmerket i Laguneparken for å markere at det er 5 år sidan Noreg vart råka av terror.  

Saman ville vi minnast dei som omkom og markere kor viktig det er å kjempe for dei verdiane som gjerningsmannen gjekk til angrep på denne dagen. Terrorhandlinga på Utøya var den som råka vår kommune hardast, då Guro Vartdal Håvoll var ei av dei som omkom.

Håvoll var ein engasjert 17 åring som ville vere med på å utforme samfunnet ved å arbeide politisk. Ho sto på lista til kommunevalet i 2011, då ho vart offer for terroren.

Ørsta kommune ved varaordførar Karen Høydal markerte hendingane ved å legge ned blomar i frå kommunen. Ho la også ned krans i frå pårørendegruppa i Møre og Romsdal.

 

 

Følg oss