Mellombels barnehageavdeling på Sæbø

Tysdag 4. august opna barnehagane med normal opningstid. Sæbø barnehage opna i tillegg den mellombelse avdelinga Skaret ved Hjørundfjordheimen.

Sæbø barnehage avd. Skaret

Lokala til Sæbø barnehage var ikkje store nok til å romme alle borna som søkte, vi måtte difor finne ei mellombels løysing for å kunne gje tilbod til alle. Vi kan no garantere at ingen på Sæbø eller i Hjørundfjorden skal stå utan barnehageplass.

Det er 12 0-2-åringar og 5 tilsette som flyttar inn i Skaret. Styrar i Sæbø barnehage, Karen Rekkedal, er sikker på at dei vil få det bra i den nye avdelinga; - Vi gler oss til å gå ein fin haust i møte med dei eldre rundt oss.

Overrekking av blomar til Sæbø barnehage. F.v.: seksjonsleiar eigedom Irene Graskopf, kommunedirektør Wenche Solheim, ordførar Stein Aam, styrar Sæbø barnehage Karen Rekkedal, seksjonsleiar barnehage Reidun Mo.  

 

Alt av møblar i avdelinga er gjenbruk frå Liadal barnehage, som Flyktningkontoret med flyktningar i introduksjonsprogrammet har hjelpt å flytte  inn. På plenen skal det bli leikeplass til borna og sansehage for dei eldre. Etter ferien blir det sett opp paviljong og leikeapparat. Når barnehagen etter kvart flyttar inn i nytt barnehagebygg skal uteområdet halde fram som sansehage for dei eldre.  

Hjørundfjordheimen og barnehagen er heilt åtskilde og har eigne inngangar, barnehagen nyttar inngangen nærast fjorden. Seksjon eigedom i Ørsta kommune har vore effektive med klargjering av lokala, som har fått nye ventilasjonsanlegg og ny maling på veggane. Kjøkenet er blitt oppussa og og det er set opp ein vegg for å skilje barnehagen frå heimen. Utanom dette er det ikkje gjort ombygging, romma er dermed enkle å omgjere til eldrebustadar att når ny barnehage står klar.

Følg oss