AKTUELT NO:

Meld deg på pårørandeskulen!

Volda kommune

Pårørandeskulen i Volda og Ørsta startar kurs for pårørande til personar med demens 20.10.22 i Volda Røde Kors sine lokale.

Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til pårørande og nære vennar til ein person med demenssjukdom. Kurset er primært retta mot pårørande til heimebuande personar med demens. Vi oppmodar helsepersonell til å informere aktuelle pårørande om dette tilbodet. Påmeldingsfrist er satt til 13. oktober.


Kva er pårørandeskulen?

Gjennom faglege førelesingar, og samtalar i plenum og grupper får pårørande kunnskap om demens og innsikt i følger som sjukdomen kan ha for personen med demens og dei pårørande. Pårørande får møte andre i tilsvarande situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Ei landsomfattande evaluering av pårørandeskular viser at deltakarane har stor nytte av å delta på kurs. Informasjon og støtte kan redusere pårørande sine omsorgsbyrder og føre til ein betre kvardag både for pårørande og den som er sjuk. Pårørandeskulen i Volda og Ørsta er i regi av Volda kommune og Ørsta kommune, i samarbeid med Volda og Ørsta demensforeining og Hornindal demensforeining.
 

Tema på kurset

Kurset er lagt opp over fire samlingar med følgjande tema:

  • Om demens og konsekvensar av sjukdomen
  • Friskliv og fysisk aktivitet. Velferdsteknologi og andre hjelpemiddel- løysingar som kan støtte tryggleik og meistring
  • Kommunikasjon med personer med demens
  • Pårørandeerfaringar og eigenomsorg

 

Praktiske opplysningar

Stad: Lokala til Volda Røde Kors

Samlingar på følgjande datoar: 20. og 27. oktober, 3. og 10. november. Fire torsdagskveldar på rad.

Påmeldingsfrist: 13.10.22      

For nærare opplysningar og påmelding, kontakt: Bodil Skare (Ørsta kommune), tlf: 95 90 64 93, e-post: bodil.skare@orsta.kommune.no eller Astrid Dimmen (Volda kommune), tlf: 95 77 05 24, e-post: astrid.dimmen@volda.kommune.no

Nasjonalforeningen for folkehelse - organiserer landet sine demensforeningar
Helsedirektoratet - dokument i nasjonale satsingar innan demensomsorga
Aldring og helse - for en bedre alderdom- Nasjonalt senter for aldring og helse

Følg oss