Markering av 22. juli i Ørsta

F.v. Tove Halse Digernes, Johannes Walderhaug og Karen Høydal Tonje Blindheim Sætre

Det vart ei fin og verdig markering av årsdagen for 22. juli-hendingane i 2011. Mange hadde møtt opp i Laguneparken for å heidre Guro Vartdal Håvoll sitt minne og for å setje fokus på at hat, framandfrykt og ekstremisme framleis er blant oss. 

Leiar i AUF Møre og Romsdal, Johannes Walderhaug, heldt appell. Det same gjorde fungerande ordførar Tove Halse Digernes. Karen Høydal las opp helsing frå Nasjonal støttegruppe etter 22. juli og la ned blomekrans frå støttegruppa til minne om Guro Vartdal Håvoll.

Johannes Walderhaug, leiar i AUF Møre og Romsdal Tonje Blindheim Sætre

 

Digernes avslutta markeringa ved å lese prosateksten «Avstanden midt i blant oss», ei fri omskriving av Karl Ove Knausgård sin tekst med same namn.

Tove Halse Digernes, fungerande ordførar Jostein Høydal

 

Avstanden midt i blant oss

Ei mørkegrøn øy midt i ein fjord, med mørkegrøne tre som vaks heilt ned til vasskanten. Det gråspragla berget, den tunge urørlege vassflata, lyset frå den overskya himmelen.

Landskapet er så kjent at vi nesten ikkje ser det, det forsvinn i det kvardagslege.

Men midt i dette landskapet låg det menneske. Dei var døde. Livet som dagen før hadde lyst i augene deira, var sløkt for alltid.

Han som gjorde det, han som reiv desse menneska ut av verda, tok dei frå foreldre og vener, ein etter ein, fylte denne øya med skrekk og død.

Det var som om verda stod open dei dagane. Langsamt lukka verda seg og no står vi her; utanfor sjokket og ser tilbake. Vi må ikkje gløyme 22. juli seier dei, men kva er det vi ikkje må gløyme?

Vi må ikkje gløyme kva eit liv er. Kva eit par auge lysande av glede er. Kva latter er. Kva kjærleik er.

Korleis er det mogleg å ta liv? Ein må stå på avstand til  for å klare det. Utanfor leik og glede, kranglar og slåssing, lys i levande auge og utanfor kjærleik. Denne avstanden gjer dei til noko anna enn menneske. Og no, etter 22. juli, veit vi at den avstanden finst, midt i blant oss.

Det er den avstanden som er farleg. Det handlar om å sjå. Ikkje tilbake, for då vil der vere avstand, ikkje fram, for dit er det også avstand. Det handlar om sjå det som er her og no. Det handlar om å sjå det vi har, det handlar om å sjå det vi er.

Så til alle de som er her i dag; snu dokke rundt og sjå på kvarandre. Dei augene, det andletet, det er den andre, det er oss sjølv, og det er det vi aldri må gløyme.

F.v. Karen Høydal (Ørsta AP) og Johannes Walderhaug (AUF M&R.) Jostein Høydal

Følg oss