Lukt av rykande ferskt tre på Sæbø

Onsdag 15. september kunne ein kjenne lukta av rykande ferskt tre på Sæbø. Kommunen held på å montere massivtreelement som skal bli den nye skulen og barnehagen på Sæbø. Dette er det aller første byggjeprosjektet i kommunen der vi nyttar massivtre til byggemateriale.

Massivtre har spesielle eigenskapar som mellom anna gir godt inneklima for elevar og tilsette, er eit meir klimavennleg  byggemateriale, og gir ein stillare og trivelegare byggeplass utan betongstøv og meiselhammarar. I tillegg har massivtre god styrke mot fonnvind frå snøskred som er eit vesentleg kriterium for dette prosjektet.  

Alle elementa vert ferdig produsert på fabrikk. Hol til teknisk anlegg, vindauge og dører er ferdig laga med stor presisjon. Prefabrikkerte byggelement er raske å montere, og vi sparar dermed kostnader som følge av kortare byggetid.  

I løpet av første dag kan ein sjå veggar kome opp allereie. Monteringa av elementa vil vare i ca. 4 veker. I løpet av komande veker vil heile skulen og barnehagen reise seg og vere ferdig montert i to etasjar med tak og etasjeskilje. Etter kvart som elementmonteringa kjem på plass og vert ferdig, vert taket isolert og tekka, samt at ytterveggar blir kledd med isolasjon og bordklednig. Før vinteren kjem for fullt vil heile bygget stort sett vere tett og fasaden vil ha begynt å ta form.

 

 

Følg oss