For å lukkast må vi ha idéar og fantasi. Så må vi setje ut i livet dei idéane vi har mest tru på. Skal det skje, må nokon ha eit klart definert ansvar for å koordinere og gjennomføre det vidare arbeidet. Vi trur at mange kan gi nyttige bidrag i ein slik prosess, og håper du kan møte på idédugnad!
Ørsta Rådhus, Møterom Ørstafjord.
Torsdag 24. august, kl 1800 - 2000
Målet med møtet er
-
å skape interesse og entusiasme
-
å få samle så mange gode idéar, tankar og framlegg som mogleg
-
å skissere ein plan om korleis arbeidet kan førast vidare
-
å velje ei nemnd som har ansvaret for det
Ope for alle interesserte.
Arbeidsdokument for onsdag 23. august
Helsing interessegruppa for Levande Vikegate