Kva skal du gjere om du kjem reisande frå austlandet?

Ørsta og Volda kommunar har ikkje innført eigne lokale tiltak, men vi følger dei nasjonale råda som regjeringa har kome med. 

Slik situasjonen er no anbefaler ikkje Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet at kommunane innfører eigne reglar om karantene. Heller ikkje for personar som reiser ut frå kommunane på austlandet som er omfatta av dei nye tiltaka i samband med det muterte viruset. 

 

Råd for deg som har reist frå affiserte kommunar på austlandet

  • Hald avstand til andre
  • Ikkje oppsøk stadar der det er vanskeleg å halde avstand
  • Ha svært låg terskel for å teste deg

Elevar kan gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og ein kan gå på arbeid sjølv om ein har vore i kommunane på austlandet som har fått innført nye tiltak (24.01.21). Det er ikkje lurt å inviterer vennane dine heim på besøk rett etter at du har kome heim frå reise i desse områda. Dei som har vore nær nokon som har vore sjuke må vere ekstra varsame og teste seg. 

 

Råd som gjeld for alle

  • Gjennomfør berre nødvendige reiser
  • Ha få nærkontakter
  • Unngå å gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien dersom du har vore utanlands eller i områder i Norge med mykje smitte. Vent i 10 dagar og hald minst 2 meter avsand frå folk i risikogruppe. Det vert gjort unntak ved alvorlig sjukdom og i livets sluttfase i samråd med sjukeheimen

Det vart innført ei rekkje nasjonale tiltak 4. januar og nye råd 18. januar som medførte lettelsar for barn og unge. 

 

Kommunane som har fått eigne tiltak 24.01.21 er: 

Nordre Follo, Oslo, Ås, Frogn, Indre Østfold, Enebakk, Moss, Våler, Nesodden, Vestby. Dei som har vore i desse kommunane bør vere ekstra forsiktig, men er ikkje pålagt å følgje eigne reglar.

Randsonekommunane som også har fått eigne tiltak, men ikkje like omfattande som dei over er:  Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvet.

 

Timebestilling til koronatest

Bestill time på nett eller på telefon 700 58 960. Telefonen er open måndag-fredag kl.09-14.

Teststasjonen er i Langemyra 3 i Hovdebygda. Dersom du ikkje har bil eller har vanskar for å komme på teststasjonen i Hovdebygda, finn vi ei anna løysing for deg. Ta kontakt og vi gjer avtale om kvar du skal få tatt testen.

Ta gjerne i bruk appen Smittestopp.