"Kva er viktig for deg?"-dagen 2023

Bildet viser ein illustrasjon av to personar med ei snakkeboble: "Kva er viktig for deg?" - Klikk for stort bilete KS

Ørsta kommune ved Kvardagsrehabiliteringsteamet vil i samarbeid med Heimebasert omsorg markere «Kva er viktig for deg?»-dagen, 6. juni. 

KS og Folkehelseinstituttet står bak satsinga som vert støtta av Helse- og omsorgsdepartementet og helsedirektoratet.

«Kva er viktig for deg?» -dagen skal tydeleggjere ei viktig retningsendring i helsevesenet basert på ei helsefremjande tilnærming og ei styrka pasientrolle. Fokuset vert flytta frå « Kva er i vegen med deg» til «Kva er viktig for deg?» i livet ditt akkurat no.

På «Kva er viktig for deg?»-dagen blir tilsette i Ørsta kommune oppmoda til å stille dette sentrale spørsmålet til sine brukarar, lytte, reflektere over svaret og følgje opp kva som er viktig saman. Erfaringane viser at aktiv deltaking i utforming av eigne mål aukar motivasjon og styrkar eigenmeistring.

Helsepersonell over heile landet vil markere dagen og bere fargeglade buttons med teksta: «kva er viktig for deg?» som ei påminning om å innleie gode samtalar med brukarane. Målet med denne dagen er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gir helse- og omsorgstenester og dei som mottek desse tenestene og deira pårørande

Lag ei god markering på din arbeidsplass.


- Team kvardagsrehabilitering: Karen Øie, Heidi Line Hagen og Monica Gustavsen

Følg oss