Kulturprisen 2019 til Silja Haddal Mork

Silja kunne diverre ikkje vere til stade, difor tok mor Elin-Grethe og far Ivar i mot prisen   

I kommunestyremøtet i dag, vart Kulturprisen 2019 utdelt med diplom og 20.000 kr. Kulturprisen for Ørsta kommune vart tildelt Silja Haddal Mork med følgjande grunngjeving:

Årets pris går til Silja Haddal Mork som festilvalgründer for Indiefjord på Bjørke. I 2019 vart denne festivalen arrangert for 6. gong, og den har etablert som eit unikt og intimt arrangement av høg kvalitet.

Festivalen er med på å gi Hjørundfjorden eit godt omdømme som reisemål og ein stad for dei gode kulturopplevingane.

Gjennom stort engasjement og kjærleik til indiepop, til Bjørke og til Hjørundfjorden har Silja og mange frivillige skapt eit samlings- og møtepunkt for lokalbefolkninga i Ørsta og Volda, og tilreisande festivaldeltakarar og band frå heile verda.

Festivalen har stor variasjon i programmet. I tillegg til musikk av høg kvalitet har Indiefjord vorte ein festival for kunst, kulturvandring, film, servering og andre aktivitetar. Utveljinga av band vert gjort med stor innsikt og kunnskap om sjangeren indiepop og miljøet kring denne musikksjangeren.

Indiefjord har greidd å balansere ei profesjonell og effektiv organisering og logistikk, med ei uformell, leiken og lite sjølvhøgtideleg form. Festivalen har ei magisk stemning som gjer at artistane og dei tilreisande ynskjer å kome att år etter år.

Silja Haddal Mork er ildsjel, pådrivar og mange frivillige vert mobilisert gjennom hennar kunnskap, engasjement og kontaktnett. Med støtte frå næringsliv, reiselivsaktørar, frivillige lag og privatpersonar har Indiepop med Silja i front sett Bjørke og Hjørundfjorden på kartet.

Silja har lova at festival nummer sju vert arrangert i juli 2020, så det er berre å glede seg!

Takk for innsatsen og gratulerer med kulturprisen 2019.

Følg oss