Kulturpris og næringspris delt ut

Torsdag 9. desember vart kulturprisen og næringsprisen for Ørsta kommune 2021 delt ut i kommunestyret. I år gjekk kulturprisen til Sunnmøre Baarelag, medan næringsprisen gjekk til Ørsta Camping AS. Begge prisane er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. 

Du finn grunngjeving for utdelinga av dei to prisane nedst på denne sida.
 

Familiebedrift med lange tradisjonar

Ørsta Camping får Ørsta kommune sin næringspris for 2021. Frå venstre ordførar Stein Aam, dagleg leiar i Ørsta Camping Vivian Ose Flø, Anne-Lise Ose, Julianne Flø og Sonja Takset. Ørsta kommune   
Det var ei rørt Vivian Ose Flø som mottok prisen på vegne av Ørsta Camping. Ho kom til utdelinga saman med tre av dei tilsette. I takketalen sa ho at det få prisen er ein «boost» til både motivasjon og sjølvtillit. Ho ville gjerne dele prisen med fleire, og ho starta med å nemne foreldra sine Ole Martin og Berit Ose som tok over drifta i 1973. Då var det ikkje straum, sanitæranlegg, vegnett eller hytter. Med 4 born i alderen 0–9 år var det litt av ein jobb dei fekk til med å få campingen opp og stå fram mot slik vi kjenner han i dag.

No er det Vivian som er hovudansvarleg for drifta, og dei har bygd vidare på det som foreldra fekk til. Ho kunne fortelje at det har vore mange små og store løft. Ved å sette tæring etter næring, og byggje stein for stein, har dei ein god måte å vidareutvikle seg på. Dei har ikkje noko mål i seg sjølv om å bli store, det viktigaste er å ha stabil drift, trygge og gode arbeidsplassar og ei viss framdrift. Dei har også hatt tradisjon for å inkludere borna i delar av drifta, noko som har gitt god rekruttering. Det er kjekt å kunne arbeide i lag og lære av kvarandre.

Pandemi og samhald

I takketalen sin framheva Vivian Ose Flø måten dei tilsette i samarbeid løyste oppgåvene på når koronaviruset kom. I staden for å permittere enkeltpersonar valde dei å redusere arbeidstida litt for alle, slik at alle heile tida har hatt ein jobb å gå til. Ho har også planen klar for korleis premien på 20.000,- skal brukast: – Då blir det konsert og ein betre middag i Ålesund, avslutta Vivian Ose Flø, og sa tusen takk for prisen på vegne av seg sjølv og dei tilsette ved Ørsta Camping.
 

«Ditte e svært!»

Sunnmøre Baarelag får Ørsta kommune sin kulturpris for 2021. Frå venstre ser me ordførar Stein Aam, Arne Moe, Kyrre Grimstad, Frode Sundnes, og Kjell-Rune Klubbenes. Ørsta kommune  
Sunnmøre Baarelag møtte opp til prisutdelinga med fire av medlemane i gruppa. Kyrre Grimstad heldt takketale, og innleia med «Tusen takk, ditte e svært – det e det». Han fortalde om oppstarten til gruppa som han kunne tidfeste til ein gong det var dans med Terje Fjærns orkester, i idrettshallen i Ørsta ein gong seint på 70-talet. Grimstad stod framme ved scena, og var meir opptatt av gitarar og forsterkarar enn dansing og jenter. Der framme ved scena trefte han Kjell-Rune Klubbenes, som også var opptatt av gitarar. Den kvelden vart det sådd eit frø, og i 1980 blei Sunnmøre Baarelag starta, og dei hadde si første øving på musikkbrakka på lærarskulen. – Vi vart i grunnen aldri skikkeleg uvener i dette bandet, kunne Kyrre Grimstad fortelje.

Utenkeleg å synge på Engelsk

Grimstad stod for tekstene, og Kjell Rune Klubbenes var ein tydeleg bidragsytar i det musikalske. – Det var utenkeleg å skrive på noko anna enn vårt eige mål, kunne frontfiguren fortelje. Når bassist Arne Moe vart med i bandet i 1983 vart det alvor, med bandbuss og mykje speling på nordvestlandet i mange år. Vi hadde det norske målet i bagasjen, og litt av imaget var at vi var litt sære og rare.  – Tor Otto Nilsen kunne ikkje vere her i dag, men er ein av dei beste i landet på bluesmunnspel, og han spelar i lag med oss, det er noko vi kan skryte litt av, sa Grimstad. – På vegen har vi mist gode folk og spelemenn, fortalde Grimstad, og nemnde spesielt Ivar Bjarne Hovden, som var trommeslagar i gruppa heilt til han gjekk bort i 1995. Frode Sundnes har vore med som trommeslagar sidan slutten av 90-talet. – Vi er audmjuke og kry for å ha bidrege til at norsk språk vert nytta i pop og rock, og for den æra det er for oss å motta kulturprisen, avslutta Grimstad.

Som ei takk for prisen spelte Baarelaget 2 songar, noko som vart godt motteke av dei som var til stades i kommunestyremøtet. Ørsta kommune   

Grunngjeving for Kulturprisen

Kulturprisen for Ørsta kommune 2021 – Tildelt Sunnmøre Baarelag

M. Lystad Johansen

Sunnmøre Baarelag er pionerar og ein solid musikalsk institusjon.
I over 40 år har bandet skapt bluesrock på Ørsta-dialekt og nynorsk.

Baarelaget er førebilete og ei stor inspirasjonskjelde for mange musikk- og kulturutøvarar. Musikken har medverka til styrking av lokal identitet og kortreist kultur. Baarelaget syner ein stå-på-vilje utanom det vanlege.

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med kulturprisen 2021.


Gratulerer!

  

Grunngjeving for Næringsprisen

Næringsprisen 2021 – Tildelt Ørsta Camping AS

 

Ørsta Camping har vore i drift sidan om lag 1960, då Otto O. Ose starta med campingplass for besøkande til Ørsta. I familiebedrifta hadde alle ei rolle, og barnebarna fekk tidleg hjelpe til. Vivian Ose Flø er tredje generasjon drivar av Ørsta Camping, og har vore ein del av drifta så lenge ho kan hugse. Både Berit og Ole-mann er framleis engasjerte i camping-delen, og er viktige bidragsytarar der.

Etter at Vivian tok over drifta har ho utvikla familiebedrifta på ein framifrå måte, og tilpassa seg marknaden både i høve servering og tilrettelegging for besøkande.

I mange år var det mykje laksefiskarar som kom, og faste gjestar har vore ein viktig del for bedrifta i alle år. Overnattingstilboda har utvikla seg i takt med tida, frå telt og små hytter, til spikartelt og hytter med standard som små bustadar. Ørsta Camping har difor hatt ei stor og viktig rolle for reiseliv og besøk til Ørsta i meir enn 60 år!

Kiosk og servering har vore eit viktig tilbod til fastbuande og tilreisande gjester. Dei første 25 åra var det sommarope, og mange Ørstingar som starta badesesongen på Vekslet i mai gledde seg over is-sal og anna godt ein kunne handle på campingen.

I 1986 vart ny kiosk bygd, og det vart heilårs-drift.

Mange unge har hatt sitt første møte med arbeidslivet på Ørsta Camping. Og saman med faste stabile tilsette leverer dei smakfulle rettar av god kvalitet raskt og effektivt. Ørsta Camping har 14 fast tilsette gjennom året, og fleire i høgsesong jul og sommar.

Alle i Ørsta har eit forhold til Ørsta Camping og den gode maten dei serverer der, og det kjem folk frå heile regionen for å handle. Ørsta Camping er ein viktig bidragsyter til reiselivet, og til godt omdøme for Ørsta.

For Vivian  og hennar mange dyktige medhjelparar er alle gjestar like viktige!

Ørsta kommune sin næringspris for 2021 vert tildelt Ørsta Camping og dagleg leiar Vivian Ose Flø. Vi gratulerer!
 

Med helsing

Stein Aam
ordførar
 

Følg oss