KS melder om strammare kommuneøkonomi

I KS si budsjettundersøking kjem det fram at økonomien til kommunane i Noreg vil bli meir krevjande, og det er dei små og mellomstore kommunane må gjere dei største innstrammingane neste år.

I budsjettundersøkinga har KS henta inn budsjettal frå 105 kommunar, i tillegg har 60 kommunar svart på utvalsundersøkinga. Over 50% av innbyggjarane i Noreg bur i dei kommunane som har svart. 
 

Heile artikkelen til KS kan de lese her


Til KS si heimeside seier Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS, følgande:

Helge Eide Johnny Syversen, KS  
«Det er blitt klart meir krevjande å få budsjetta til å gå opp. Det kraftige presset på helse- og omsorgsutgiftene er ei viktig forklaring. Vidare opplever mange kommunar at bemanningsnormer innan skule og barnehage er underfinansiert frå staten si side. Normene, saman med innstrammingar i eigedomsskatten, reduserer kommunane sitt handlingsrom og gjer dermed budsjettarbeidet meir krevjand

(Sitatet er oversatt til nynorsk)

 

Følg oss