Koronavaksinering – Viktig påminning!! Husk å ta 2. dose koronavaksine!

Det trengst to dosar koronavaksine for å få best muleg og langvarig vern mot alvorleg koronasjukdom.
Tilrådd intervall mellom dosane er frå 3-4 veker (alt etter kva type vaksine ein tek) og opptil 12 veker.

Telefonnummer og informasjon om vaksinering 

I koronavaksinasjonsprogrammet i Norge brukar ein dei to mRNA-vaksinene fra BioNTech/Pfizer og Moderna. Vaksinene baserer seg på samme teknologi og er svært like i korleis dei er bygde opp og fungerer. Nokre vil bli tilbodne ein kombinasjon av dei to koronavaksinene, der 1. dose er av den eine typen og 2. dose av den andre typen. Ein slik kombinasjon er brukt i ei rekke land, og ein ventar like god, kanskje betre effekt av vaksinene når dei er gitt i ein kombinasjon.

Begge vaksinene kan gi litt meir biverknader etter andre dose enn etter første dose. Koronavaksinen Spikevax (Moderna) kan gi noko meir og kraftigare biverknader enn BioNTech/Pfizer-vaksina. Dette gjeld vanlege, men kortvarige biverknader som blant anna smerter og heving på stikkstaden, trøytt, hovudpine, muskel- /leddsmerter og feber. Dette går vanlegvis over etter få dagar, og er bagatellmessig i forhold til om ein skulle bli alvorleg sjuk av covid-19.

Dersom ein har fått påvist at ein har gjennomgått ein covid-19 infeksjon, er det vanlegvis tilstrekkeleg med ein dose vaksine. Dette skal gi like godt vern mot alvorleg sjukdom som to dosar vaksine utan gjennomgått infeksjon.
 

  

Følg oss