AKTUELT NO:

Koronavaksinering i desember

Pixabay Det har vore god oppslutning om oppfriskingsdoser i Ørsta kommune. I tillegg til dei planlagde vaksineringstimane 16. desember vert det opna for DROP IN-vaksinering i tidsrommet kl 16.00 til 17.00 på Ørsta kulturhus.

Dei som kan få koronavaksine på DROP IN 16. desember er:
•    Barn frå 12 - 15 år for 1. dose.
•    Ungdom frå 16 - 18 år for 1. eller 2. dose, her må det gå minst 8 veker mellom dei to dosene.
•    Voksne frå 18 og oppover for 1. eller 2. dose, her må det gå minst 21 dagar mellom dosene dersom ein har fått Pfizer og 28 dagar dersom ein har fått Moderna.
•    Voksne over 45 år som har fått 2. dose innan 5. august og no skal ha 3. dose.
•    Voksne over 18 år med kritisk risiko, som har fått 2. vaksinedose innan 5. august og no skal ha 3. dose.
•    Tilsette over 18 år i barnehage og skule som har fått 2.dose innan 5. august kan få 3.dose – nytt  

Det vert også vaksinering 29. desember på kulturhuset i Ørsta i tidsrommet 10.00 til 14.00. Ein kan tinge time eller flytte timen sin sjølv på Helsenorge.no, og det vert også ope for DROP IN. 

Dei som kan få koronavaksine 29. desember er:
•    Barn frå 12 - 15 år for 1. dose.
•    Ungdom frå 16 - 18 år for 1. eller 2. dose, her må det gå minst 8 veker mellom dei to dosene.
•    Voksne frå 18 og oppover for 1. eller 2. dose, her må det gå minst 21 dagar mellom dosene dersom ein har fått Pfizer og 28 dagar dersom ein har fått Moderna.
•    Voksne over 45 år som har fått 2. dose innan 12. august og no skal ha 3. dose.
•    Voksne over 18 år med kritisk risiko, som har fått 2. vaksinedose innan 12. august og no skal ha 3. dose.
•    Tilsette over 18 år i barnehage og skule som har fått 2.dose innan 12. august kan få 3.dose – nytt  

Vidare er det planlagt vaksinasjon 06.01.22, 13.01.22 og 20.01.22.

Nytt denne veka er prioritering av tilsette over 18 år i barnehagar og skular for ei 3.dose/oppfriskingsdose. Også i denne gruppa skal det gå 4,5 månader (20 veker) frå siste dose i grunnvaksineringa til oppfriskingsdosa blir sett for å gi tilstrekkeleg effekt av boostervaksineringa.

Kommunen har god tilgang på vaksiner og god kapasitet for vaksinering, det er difor ikkje naudsynt å prioritere samfunnskritisk personell over øvrige innbyggjarar når det gjeld 3. vaksinedose til dei over 45 år. Det er likevel viktig at samfunnskritisk personell som brannvesen, politi, helsepersonell, samt tilsette i skular og barnehagar framskundar vaksinasjonstimen sin dersom det passa med intervallet. Aldersgruppa 45 - 65 år er tilrådd eit intervall på minst 4,5 mnd. mellom 2. og 3. dose.

Om kritisk risiko og underliggande sjukdommar:
Medisinske tilstandar som er rekna som «kritisk risiko» er markert med * bak i denne lista:
https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Medisinske tilstandar på denne lista som ikkje er marker med * bak er ikkje rekna som «kritisk risiko». Det har førebels ikkje kome retningslinjer for 3. dose til dei under 45 år med underliggande sjukdommar, som ikkje er rekna som «kritisk risiko». Kommunen kjem med oppdatert informasjon og innkalling så snart dette ligg føre frå myndigheitene.

Dersom du er i tvil om og/når du kan få koronavaksine, eller har vanskar med å bestille eller flytte ein vaksinetime, kan du ta kontakt med koronavaksinasjonstelefonen på 95167846 kvardagar mellom kl 11 og 15.
 

Følg oss