AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

Koronavaksine - DROP IN !

Pixabay Ørsta kommune har mange ledige vaksinedoser med koronavaksine og ledige tima til vaksinering denne veka og dei neste tre vekene. 

Onsdag 24.11. (fram til kl 15.30) inviterar vi til vaksinering med DROP IN, utan timeavtale på førehand, på kulturhuset.

Ein kan tilby 3. dose med oppfriskingsvaksine til alle over 65 år (det må gå minst 5 månader sidan 2. dose om du er over 65 år) og til alt helsepersonell i kommunen som har pasientkontakt, men - det ha gått minst 6 månader sidan ein tok 2.dose. 

Den som ikkje har fått teke 1. eller 2. dose endå er også velkomen til vaksinering, i alle aldrar frå 12 år og oppover.
Ein har både Pfizervaksine og Modernavaksine, folk kan velje sjølv den typen ein ønsker av desse to.

Det er elles mulegheit for å bestille seg time på HelseNorge eller ved å ringe vaksinasjonstelefonen. Siste vaksineringsdag før jul er foreløpig 16.12.


Ingun Håheim Fjørtoft
Leiande helsesjukepleiar/vaksinekoordinator
 

Følg oss