AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Koronasmitta person på fly til Ørsta/Volda lufthavn

Klikk for stort bileteKommunen har fått informasjon om at det har vore ein person med påvist koronasmitte på flyet som gjekk frå Bergen til Ørsta/Volda lufthavn Hovden 24.03. kl 19.45 - 20.30, flightnr. WF178.

Dei som har tatt dette flyet vert ikkje rekna som nærkontakter, og vert ikkje pålagt karantene. Kommunen ber likevel dei som har tatt dette flyet og no oppheld seg i Ørsta eller Volda kommune, om å bestille seg ein test på teststasjonen i Hovdebygda måndag 29.03. Dei aktuelle passasjerane skal også få varsling på SMS frå flyselskapet.

Dersom det er nokon med koronasmitte på fly vert det publisert på FHI; https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/koronavirus-og-covid-19-pa-offentlig-kommunikasjon/ .   

Følg oss