Koronaråd for tilreisande til Ørsta og Volda

Fine langrennsløyper på Ørsta skisenter. Foto: Maria Engeseth - Klikk for stort bileteFine langrennsløyper på Ørsta skisenter. Foto: Maria Engeseth

Ørsta og Volda kommunar har utarbeidd koronaråd for vinterferien i veke 7-9.

Dersom du har vore på ferie eller er tilreisande frå eit område med høgt smittetrykk, kan det vere lurt å ta ein koronatest når du kjem til Ørsta eller Volda kommune. Dette gjeld spesielt dersom du har vore i kommunar med utbrot av mutert virus.

Dersom du ikkje har symptom kan du gjerne vente nokre dagar før du tek testen (utan at du treng å vere i karantene desse dagane), då det i gjennomsnitt tek 4 - 6 dagar frå ein er smitta til ein får symptom eller viruset kan påvisast. Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom eller har vore i kontakt med nokon med påvist smitte, bør du sjølvsagt ta ein koronatest så snart som råd. Dersom du har tatt ein negativ test og seinare får symptom bør du ta ein ny test, då testen kun viser eit augeblinksbilete. 

Ein er ikkje pålagt karantene dersom ein er tilreisande frå andre kommunar, men vi har følgande råd til deg som er tilreisande dei første 10 dagane etter at du har kome til Ørsta eller Volda kommune:

  • Ha få nærkontaktar og hald avstand til andre.
  • Ikkje oppsøk stader der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Unngå besøk på sjukeheim, omsorgsbustad, eldre og folk i risikogruppene om du kjem frå kommunar med høgt smittetrykk eller strengare tiltak. Det vert gjort unntak ved alvorleg sjukdom og i livets sluttfase i samråd med institusjonen. Besøk på sjukeheimen må avtalast på førehand, sjå eigne retningslinjer for besøk på sjukeheim. 

Så lenge ein kjenner seg frisk kan elevar gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og ein kan gå på arbeid sjølv, med mindre arbeidsplassen har eigne retningslinjer etter innanlandsreiser.

Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom, bør du ta ein koronatest så snart som råd, halde deg heime til du kjenner deg frisk og har fått svar på testen.

I tillegg må du følgje dei nasjonale råda for vinterferien, som du finn på helsenorge.no.