Kor mange glas toler barnet ditt?

AV OG TIL

 

Sommaren er her, og vi drikk meir alkohol i ferien enn elles. Kor mykje er det eigentleg greitt å drikke når ein er saman med barn? 

På ferie er barna gjerne i nye og ukjende omgjevnadar, og dei blir meir avhengige av foreldra sine. Når vaksne drikk alkohol og endrar oppførsel, kan barna oppleve det som både ubehageleg og skremmande.

– Du får ikkje sommaren tilbake. Derfor oppfordrar vi alle foreldre om å tenkje gjennom alkoholbruken sin rundt barn og unge. Ikkje la sommarminna til barnet ditt bli prega av vaksne som drikk, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

 

Saman for barna

Ørsta kommune er ein Av-og-til-kommune og samarbeider tett med Av-og-til for å førebyggje og redusere skadeleg alkoholbruk. Kommunen støttar kampanjen «Kor mange glas toler barnet ditt?» og oppfordrar alle vaksne til å bruke alkovett i sommar.

– Alkovett er å tenkje over om ein skal drikke, og når ein skal stoppe. Vi vil gjere alt vi kan for at alle barna i kommunen vår skal få ein god og trygg sommarferie. Hugs at barna trivst best når dei vaksne oppfører seg slik dei brukar å gjere, seier Ingvild Endal, Av-og-til-koordinator i Ørsta kommune. 

 

Lykkepromille ser annleis ut med barneauge

  • Ei undersøking Av-og-til har gjort blant barn og unge, viser at eitt av ti barn skulle ønskje foreldra drakk mindre i ferien.
  • Barn ønskjer seg vaksne som er slik dei brukar å vere. Det er det som er trygt. Etter nokre glas alkohol endrar vi måten vi er på. Det skal ikkje mykje til før eit barn oppdagar forskjellen og reagerer.
  • Når barna blir spurde kor mykje alkohol dei synest foreldra kan drikke saman med barn, svarer dei fleste null, eitt eller to glas. Svært få barn synest det er greitt at foreldra drikk meir enn tre glas, viser undersøkingar frå Av-og-til.

 

 

Vil du lese meir? 

Besøk Av-og-til på nett 

 

Ser du eit barn som slit?

Få tips om korleis du kan hjelpe, her.

Følg oss