Kontrakt for Sæbø barnehage og skule er signert

Ordførar Stein Aam og adm.dir i PEAB K. Nordang Kjetil Nordang signerte måndag kontrakt for nye Sæbø skule og barnehage. Foto: Maria Engeseth - Klikk for stort bileteOrdførar Stein Aam og adm.dir i PEAB K. Nordang Kjetil Nordang signerte måndag kontrakt for nye Sæbø barnehage og skule. Foto: Maria Engeseth

   

 

Måndag 8.mars signerte Ørsta kommune kontrakt med PEAB K. Nordang om bygging av ny barnehage og skule på Sæbø.

Kontrakten med PEAB K. Nordang har ein verdi på 71,9 millionar kroner inkl. mva. Den totale budsjetterte kostnaden for prosjektet på 84 millionar kroner vart 28,8 millionar dyrare enn fyrst vedteken ramme og måtte difor gjennom ei ny godkjenning i kommunestyret 11. februar.

Rett over påske startar entreprenøren med detaljprosjektering parallelt med sanering og riving av det gamle skulebygget. Nye Sæbø skule og barnehage skal byggast i massivt tre og etter planen stå ferdig 15. september 2022. Så skal noverande barneskulebygg renoverast og bli eit reint administrasjonsbygg, dette skal vere ferdig 16. mars 2023. Nordang har bygd i massivt tre fleire stadar i landet, men dette blir det fyrste på Sunnmøre.

PEAB K. Nordang har hovudkontor på Stranda og er ein av dei leiande entreprenørane i distriktet. Dei har tidlegare bygd tømmer- og fleirbrukskai ved Ørstaterminalen og har brei erfaring med bygging av skular og kontorbygg.

   

Følg oss