Konkurransegrunnlag signalrute skyssbåt Hjørundfjorden

Illustasjonsbilete: Skyssbåt Hjørundfjorden - Klikk for stort bilete

 

Konkurransegrunnlaget gjeld for bygdene Sæbø, Standal, Trandal, Urke, Bjørke og Skår. Tilbodsfristen er 26. mai kl 12.00. Fullstendig informasjon finn du i konkurransegrunnlaget under.

Konkurransegrunnlaget

Spørsmål til anbodet

 

Ørsta kommune har tatt ansvar for å finansiere skyssbåt på Hjørundfjorden som eit tilbod til fastbuande, tilreisande og som beredskap i tilfelle vegstenging/krisesituasjonar. Skyssbåten blir medfinansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, og er eit skysstilbod utanom og i tillegg til ferjeruta på Hjørundfjorden. Ruta er ei signalrute, dvs at det ikkje er lagt opp til faste rutetider, og at båten går når operatør har fått bestilling/melding om behov.

Ørsta kommune gjennomfører i samband med dette eit innkjøp av transporttenester i samsvar med lov og forskrift om offentlege anskaffingar av 17. juni 2016 (LOA) og forskrift om offentlege anskaffingar (FOA) 2016-08-12-974. Det skal inngåast ei tenestekontrakt. Innkjøpsprosedyren som er valt følgjer av forskrift  om offentlege anskaffingar del I og III, jmf § 2-1 (4) og § 2-2 (1). 
 
Utlysinga er basert på båt som minimum kan frakte 15 passasjerar. Oppdragsgivar tillet bruk av større båt, dersom operatør ser at dette er muleg gjennom kommersielle tilleggsinntekter.
 
 
 
Sist endra 19.05.2017
Fann du det du leita etter?

snakk med oss.png

Rolf - Magnus Sundgot Seksjonsleiar tekniske tenester
996 34 300
@ Rolf - Magnus Sundgot
Per Ivar Lied Rådgjevar
482 82 962
@ Per Ivar Lied

Følg oss

Gode lenkjer

Aktuelle lenker (1)
Login for redigering